Honningmelonboller
Oppskrifta på honningmelonboller er basert på oppskrifta bak på Hindu Kardemomme-posen (som er ganske lik oppskrifta på Regal hvetemjølsposen men det er dobbelt så masse kardemomme i, sånn ganske tilfeldigvis liksom.Det er i orden for vi er glad i kardemomme.)
Mjølblandinga er endra, sukkermengden redusert og tørka honningmelon erstattar eller kjem i tillegg til rosin.
- 1/2 kg hvetemjøl
- 1/4 kg fin sammalt hvete
- 1/4 kg spelt (fin eller fin sammalt)
- 2 ts kardemomme
- 1/2 ts salt
- omtrent 2-3 skeier sukker, etter smak
- eit par desiliter eller meir musli eller havregryn
- 200g smør
- biter av tørka honningmelon (eventuelt rosin også)
bland alt over
- 5-6 dl lunken mjølk
- gjær
Bland gjær og mjølk, bland i mjølet, kna, hev, bak ut, hev, 10 minutt i omnen på 200.
Tørka melon kan ein i alle fall kjøpe frå TanTan i Torggata eller Holland & Barett i London, det finst sikkert andre. Kan kanskje og bruke Bama tropisk miks med papaya, ananas og melon som kan vera enklare å få tak i.
<<: Kroppsaksept og sansing i dans -- Olga de Soto - Histoire(s) >>