Olga de Soto - Histoire(s)

Den spansk/belgiske koreografen Olga de Soto gjesta Dansens Hus med forestillinga Histoire(s), ein video-montasje av 8 intervju med menneske som såg "le jeune homme et la mort" i 1946. Denne forestillinga var framført av Jean Babilée og Nathalie Philippart, koreografert av Roland Petit, og var tydelegvis eit dramatisk og tragisk stykkje om kjærleik og død.

Videoen var redigert slik at vi hørte svar men ikkje spørsmål. Vi såg folk som strevde med å hugse, erindre, forklare ei oppleving 40 år tidlegare. Dei forklarer handlinga, bitevis men med skarpe detaljar slik minnet vårt gjerne tek vare på ting. Slik og sånn var kostymet, scenografien. Åssen slutta det? Tok han livet sitt, jaså? Det virka som få av dei hugsa klart at hovudpersonen hengde seg. Dei forklarer kvifor dei ville sjå denne dansen, gleden over at det var fred og normalt liv, gleden over at døden var noko stilisert på ein scene heller enn grufull realitet.. Og somme av dei fortel ubedt om andre møte med døden: i krig som sjukesøster, i fred som barnelege eller bestemor. Minner som den meir estetiske og abstraherte sceniske framstillinga av døden både er ein kontrast til og hjelper dei å skildre. Dette er rett og slett subtilt, unikt og sterkt om kunst og liv.

Til slutt forsvinn biletet og vi hører alle 8 introdusere seg med namn og små biografiske detaljar. Som publikum strevar vi med vårt eige minne: den stemma, kven var det? Kan vi kople stemme, namn, og andlet? Slik stiller Olga de Soto det same spørsmålet til oss som til intervjuobjekta: kva minnest du? Kva er erindring?

Sjå denne forestillinga om du kan!

<<: Honningmelonboller -- Stemwerk workshop-sitat >>