Kroppsaksept og sansing i dans

I klassa i morres (undervist av Robert Hewitt) jobba eg med å finne rett balanse mellom - trur eg - sansing og muskularitet.

Den fyrste sanse-oppgåva, ved barren, var å utforske og akseptere mine fysiske grenser. Med kvart port-de-bras fortalde eg kroppen "OK, det virker som du ikkje går lengre enn dit og det er i orden! Du skal fortelje meg åssen vi skal jobbe i dag, ikkje omvendt!".

Den enkle, vesle tanken såg ut til å utløyse masse tilbakemelding. Kanskje det raskaste resultatet var betre balanse. Og det fekk tankane i sving..

Fysikalitet og psykologi kan vera så nært relatert i dans. Tilogmed i vanleg tale brukar vi rørsle-spesifikke ord som "balanse" for å skildre mental tilstand. Det er eit døme på at vår oppleving av fysisk og mental tilstand ligg nært kvarandre.

Og, om balanse er avhengig av å sanse kroppen, og det å sanse kroppen er avhengig av at du aksepterar kroppen som han er, og fysisk og mental balanse er så nær-relatert at vi omtrent opplever dei på same vis, syner det ganske klart korleis menneske må akseptere sine fysiske grenser og kropp for å nå mental og fysisk balanse.

Kan tenkje meg dansarar (og kanskje ikkje-dansarar, om det finst nokon) burde taka ansvar for seg sjølv og aktivt unngå dei urealistiske og undertrykkande kropps-ideala vi ser. Det kunne t.d. tyde å skru av fjernsynet om folka på skjermen vert for avmagra..

<<: Brenneslete -- Honningmelonboller >>

Comments

Add commentAdd comment