Visjon for St. Hanshaugen?

St. Hanshaugen er ein flott park, men ved nærare ettersyn er det mange ting der som har eit litt nedslitt preg. Leikeapparata ser ut til å vera av eldre årgang. Det er tidvis problem med forsøpling (spesielt glasskår ved uteserveringa) og det står triste skilt om at ingen tek ansvar for vasskvaliteten ved det fine, grunne, barnevennlege bassenget på toppen.

Det er snart val til bydelsutvalet i Bydel St. Hanshaugen. Vil med dette få tipse den som kjenner seg kalla om at det er i alle fall ei stemme - mi - å hente for den lokalpolitikar som kan leggje fram ein gjennomført visjon for oppgradering av St. Hanshaugen. Stikk gjerne innom Sofienbergparken eller Frognerparken for å sjå på flotte, nye leikeapparat, eller dra til Huk for å sjå fine felles-griller i stål som kan erstatte brenn-og-kast grillen. Gje oss eit skikkeleg overslag over kostnaden for å få reint og trygt bademiljø i barnebassenget, og ein realistisk plan for å skaffe penga! Dette må vera ei sak der det er mange stemmer å hente, og få å tape..

<<: Lenker om tale og rørsle -- Dans og lekke abstraksjonar >>

Comments

Add commentAdd comment