Wergeland-postkort på eBay

Driv med litt Opera-og-eBay testing for tida, og ettersom det er denne tida på året var dette rett auksjon å by på. Opera oppførte seg heilt prikkfritt, eBay og, så i dag kom postkortet i posten, gamalt og ærverdig, med Henrik-støtta i Nord-Dakota på framsida. Det vart send frå Fargo til New York i juli 1909.

Undres på kven som reiste denne støtta? Det må jo henge saman med norsk migrasjon til Midt-Vesten.

<<: Noregsrekord i trykkfeil? -- Halling på chello?! >>

Comments

Add commentAdd comment