Wergelandtusiastisk

Minnesmerket på Henrik Wergeland si grav

Det er den tida på året det er litt tabu å prate om datoen. Det er den tida på året det er enno meir tabu å prate om været. Kort sagt, det er innspurt til 17. juni-stemnet (program for utskrift) - alle velkomne til Tangen og Ingeborgmuseet.

Om du ikkje kan få med deg stemnet på Tangen, er det også eit stemne på Eidsvoll og lørdag 16 juni kl. 17 syner Jar litteratur- og teatergruppe ei forestilling med "Dialoger, dikt, drama, sang og tablåer fra H.Wergelands ungdomsår til de siste dager av hans liv" på scenen vegg i vegg med Jar kirke, Wedel Jarlsbergs vei 20, 1358 Jar.

Alle arrangement er gratis og opne for alle.

Så, gratulerar med Henrik sin 199-årsdag, god 17. juni, og lenge leve wergelandtusiasmen og vill idealisme ;-) .

<<: Atom-klage til EU?! -- Noregsrekord i trykkfeil? >>