Londonbrev

Brev: 24
Emne: ByinnTRYKK
Dato: Sun, 3 Oct 1999 15:54
Kjære gamle og nye Londonbrev-mottakarar!

Eg er i London att, har reist frå gule norske haust-tre og raude bær til grøne kastanjetre og raude bussar. Det er ein overgang, som reven sa då han vart flådd.. Men det er ikkje framand lenger. Dette året var byen heimekjend alt sett frå lufta, og ikkje mindre kjend frå toppen av bussen som tok meg frå Heathrow. Etterkvart tok eg til å gruble over kvifor. Her kjørte eg gjennom strøk av byen eg aller har utforska, Hounslow, Kensington, Battersea... Kva var så kjend??

Så gjekk pråsen opp for meg: det er jo den gode, gamle reklamen! På alle reklame-brett fører det same varemerke ein kampanje i same stil med det same slagordet som for fire månder sea. Ikkje rart at synet er kjend når ein kan sjå halvparten av ein plakat og fylle ut resten...

Og marketings-lova seier at kjennskap er vennskap. Målet som millioner av pund og kreative tankar vert brukt til å nå, er at eg skal _kjenne_ produktet. Er det rart at hjernen under dette presset auser inn slagord og varemerker? Må ein sløve seg ned for å unngå det? Kjempe for å klare å vera uoppmerksam?

Jaja, sjøl kan eg jo berre fjerne brillene... ;-)

Men eg trur ein av dei største skilnadene på å rusle i skogen på Tangen og i gatene her, ligg i all informasjonen som her kjempar om å få fylle huet ditt, om du vil eller ikkje. Og det må jo _sløve_ned_ på ein eller annan måte, rett og slett som vern....

Dermed skulle det ikkje undre meg, trass i norsk *akademisk korrekt* bygdehets, om bygdefolk eigentleg har fleire 'opne glugger' og er meir vare for inntrykk enn dei som veks opp i byen??

--

Hallvord Reiar Michaelsen Steen, London
Gamle brev på www.geocities.com/hallvors/lbrev
Automatisk liste: svar på brevet og skriv i 'subject'
subscribe londonbrev         =>melde seg på eller
unsubscribe londonbrev       =>melde seg av

Førre

Neste