Londonbrev

Brev: 25
Emne: Chinese out!
Dato: Fri, 22 Oct 1999 00:25

Kjære vener og kjende!

Stemma mi har flytta ut, og ei ukjend kviskre-stemme har flytta inn. I år er det heldigvis ikkje på grunn av sjukdom, det er eit resultat av å ha laga bråk i 3 demonstrasjonar mot president Jiang Zemin.

Den kinesiske presidenten vitjer Tony Blair med pomp og prakt, og ein del demonstrantar tenkte å få sagt han si meining om Tibet-okkupasjonen, abort-tvang og annan kinesisk politikk. Nekte oss å demonstrere kunne jo verten Blair ikkje, men politiet såg ut til å ha i oppgåve å verne presidenten mot inntrykket av oss. Vi vart sperra inne godt unna presidenten si rute, bak flyttbare stålgrinder og doble rekker politifolk. Så rope og bråke var det einaste vi kunne gjera..

Demonstrasjonen var definitivt eit broket syn. Her var det silkebanner på bambusstenger og lysdiode-lykter som skreiv "Free Tibet" når dei vart svingt rundt i lufta. I eine enden var det skriking og gymfløyter, i andre sto rundt 20 menneske med lett bøygde kne i Falun Gong-meditasjon, og i midten sto ei kristen gruppe og protesterte mot tvangsabort. Ein trommeslager kappspelte med to stereoanlegg. Hundrevis av fløyter blanda seg i lyd-infernoet.

Inne sat Blair og Zemin og feira etter at Kina og UK hadde signert kontrakter for over £2 mrd. Ein kinesisk representant sa på fjernsyn at dei var velnøgde med resultatet, og at Kina hadde "lagt merke til" dei engelske grepa for å leggje alt til rette for presidenten. Ja, tenkj det, Hedda! "Grep" som å parkere ein rad politi-bussar mellom demonstrasjonen og kortesjen, burde ein gravande journalist kunne hudflette innanriksministeren for.

Eg dreiv litt privat kampanje for å få fleire ut på gata, med plakaten "Forget sit-ups! Today's stomach exercise: shout "Free Tibet!" in front of the Chinese embassy." på skulen. For særleg store politiske resultat av aktiviteten vår, er vel ikkje å vente, men fysiske resultat er ikkje å forakte for ein dansar. Etter all ropinga, har eg fått betre kontakt med og kontroll over magemuskulaturen enn før! Kanhende eg burde gjera demonstrasjon til ein seriøs hobby?

--

.. menneskene som vandrer på bakken 
   med nerver som sitrer rørt av lys og lyd..
                            [JRR Tolkien]
Hallvord Reiar


Førre

Neste