Londonbrev


Brev: 23
Emne: "Bellmann Heath"
Dato: 25. mai 1999, 07:22

Hampstead Heath er den einaste plassen i byen ein kan rote seg bort i eit stort vilnis av tre, brennesle, bjørnebærkratt og hundekjeks, og rett og slett glømme at ein er i London. Tilogmed brennesla lyser sjarmerande, som symbol på at her er det ikkje parkmessig strigla og lukt. Å, slike gro-krefter det er i brennesla!

På lørdag fekk neslene på "The Heath" musikk til arbeidet, da eit assortert utval skandinavar (og to engelskmenn) kom og sang Bellmannviser for dei.. Picnicen var spleiselag, musikken likeså: medbrakte instrument talde fløyte, gitar og hardingfele. Danskane hadde dessutan "Folkehøyskolens sangbog", som imponerte meg med å innehalde alle vers av "Ja vi elsker".

Når vi ikkje sang, brukte vi tida på alskens dansargalskap. Dansarar er ikkje så veldig flinke til å oppføre seg normalt. Vi sprang rundt på sletta og øvde løft og hopp og kast, og sto på huet så lenge vi kunne. Det såg sikkert sprøtt ut, og det var halve moroa.. Og innbudte, ikkje-dansande kjæraster vart rivne med, og løfta og vart løfta like vilt som oss.

Å kalle Hampstead Heath for "den ville natur" er vel å overdrive litt. Men det minte om Noreg - og Danmark og Sverige, alt etter kvar vi kom frå...
Og underteikna gjorde noko han ikkje har gjort på lenge, lenge: på veg ut av parken om kvelden, nemnde nokon treklatring. HR slapp fele og ryggsekk og for opp i næraste og beste tre..
For ein festdag!

--

"Fred er eit tryggare eksperiment enn krig"
Hallvord Reiar Michaelsen Steen, London
ICQ#35617667
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/
Har du sett Johanne Louise NETTGALLERI?
http://home.sol.no/~gasteen/jl

Førre

Neste