Londonkrønike

Brev: 22
Emne: Kyrkjelangs
Dato: 16 mai 1999, 22:32
Søndag kveld, etter ei helg utan kviledag. I går var eg oppe frå fem om morran til to om natta, brukte mesteparten av dagen på arbeid på Landmark, og er ikkje sikker på kva, når, eller om eg fekk i meg mat.
Alt som hender på ein slik dag, er gåing, løping, og venting, ikkje minst av det siste. Vår engelske yrkestittel "waiter" treff spikeren. All ventinga er ekstra slitsom avdi det er så hektisk når det er hektisk, så ein blir så oppjagd at det er eit slit å ikkje gjera nokonting. Det får vera nok om Landmark, den som ikkje har fått nok, kan vitje http://www.landmarklondon.co.uk.

Eg tenkte å skrive om dagen i dag, som ikkje var mindre slitsam, men umåteleg meir gjevande. Det var meir gåing og løping, men denne gongen i "Walk the City", som går ut på å sjå så mange av sentrumskyrkjene som du kan klare på ein ettermiddag.

Vi starta frå St. Giles Cripplegate. Det tok meg litt tid å skjønne at kyrkja ikkje er døpt etter ein helgen kalla "Giles Cripplegate", men at siste namnet fortel kva for ei av alle kyrkjene med namn etter St. Giles det dreier seg om.

Fyrste gong eg såg St. Giles, trudde eg det var eit fata morgana. Eg hadde rota meg inn i Barbican-området, som er eit enormt, samanhengande kompleks med kultur-, kontor- og boligbygg. Det er eit heilt vegnett av gågater hus-imellom oppe i lufta, "The highwalk", og mellom dei moderne, brunraude bygga går ein rundt høgt over eitt nettverk av kanalar, parkar, og ruiner etter den gamle bymuren om The City. Og dette moderne kaoset er ramma om St. Giles Cripplegate, der kyrkja brått reiser seg i vertikal protest mot dei vassrette terassane og gangvegane omkring henne.

Det er fleire som ligg i spesielle strøk. St. Bartholomew Hospital har ikkje mindre enn to kyrkjer - St. Bartolomew the Great og St. Bartholomew the Less. Dei som har sett filmen "Shakespeare in Love" har sett interiøret i den store. Temple Church of St. Mary ligg inne i "juristbyen" the Temple, og var ei av dei få som overlevde brannen i 1666.

Takka brannen er området fullt av kyrkjer teikna av Christopher Wren, med sjølve St. Pauls i spissen. Men trass i Wren sitt ambisiøse oppbyggingsprogram, er dei 44 kyrkjene av i dag småtteri mot dei 90 som var der før brannen. I middelaldaren bodde folk tett!

I dag har dei fleste kyrkjene tilpassa seg livet mellom pendlarane i City med å konsentrere seg om lunch-andakter, eller spesialisere seg på minoritetsspråk. Dessutan lever dei på turistar, sjøl om St. Pauls tek brorparten. Synd at ikkje fleire får med seg alle dei små perlene omkring!

God 17. mai, alle saman!! Har ikkje heilt klart å tenkje på kva eg skal feire med...

--

--
Hallvord Reiar i London
   _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
*  Når du har gått så langt
*  at du ikkje orkar eit steg meir,
*  har du gått akkurat halvparten 
* av det du klarar  -trad. ordtak, Grønland




Førre

Neste