Londonkrønike

Brev: 21
Emne: Bomber
Dato: 6 mai 1999, 21:01
Dei siste vekene, har vi sett kart over London i avisene, dekorert med tre små gule og raude eksplosjonsmerker. Brixton Market. Brick Lane. Old Compton Street, Soho. Triangelet på kartet har skada over 100 personar og drept minst 9.

Det er ikkje lett å innrømme det, men dei to fyrste bombene tok eg heller lett på. Den eine i eit område med mange svarte, den andre mot eit asiatisk strøk. Det vart rutine å roe seg sjøl og familien heime med at "dette gjeld ikkje meg". Dette går utover "andre". Eg er ikkje så ofte i "slike" strøk.

Og så var det liksom brått alvor, med bomba som gjekk av i ein homsepub i Soho. Brått har ein både homofile klassekameratar og vener ved London International Film School å vera engsteleg for. Og dessutan ein sviande ettertanke: Så, du tok ikkje så på veg for dei 39 skada i Brixton?? Og dei "framande" i Brick Lane?

Og neste tanke: kva med Beograd?
Det er ein slags ironisk nemesis i dette, at London vert bomba samstundes som VI bombar Serbia. Alvorleg, terroristsøkande politi på fjernsynet klypper over til Blair i statsmannspositur i ein sirkel av britiske soldatar på Balkan. Her bombar VI "dei andre". Det er så fjernt, og så trygt og langt frå oss, at vi berre kan nikke sløvt.

Og kven vil samanlikne spikerbombene i London med høgteknologiske NATO-rakettar?
Kanskje skilnaden ikkje er så stor når vi samanliknar resultata: kropper fylt med skrapmetall.

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste