Helland og "Blomsterstykket"

Frode Helland har skrive ei analyse av Jan van Huysums blomsterstykke med tittelen Voldens blomster? Henrik Wergelands Blomsterstykke i estetikkhistorisk lys (Universitetsforlaget 2003). Denne nye analysa av eit av Wergelands viktigaste verk har mange sterke og interessante moment, spesielt der Helland syner oss konteksta og korleis verket skriv seg inn i ein større debatt om tilhøvet mellom tekst og måleri, og kunst og røyndom.

Eit par punkt har eg lyst til å kommentere.

På side 158 kommenterar Helland strofa der eg-personen ser "lengst hendøde elskerinders ansiktstræk" i blomsterbuketten. Han ser ut til å umiddelbart lesa inn det moderne innhaldet i ordet "elskerinne" og assosierar seg dermed fram til at det må dreie seg om prostituerte som eg-personen har hatt omgang med.

Utan å ha anna belegg for dette enn lesing av gamle bøker i originalversjon innbiller eg meg at ordparet "elskar" og "elskarinne" må ha skifta tyding over tid. I eldre danske utgåver av Dickens-bøker kan ein finne ordet "elskar" der forfattaren nokså klart vil indikere eit reint platonsk - og ofte ikkje eingong gjensidig - forhold. Sjå til dømes "Lille Dorrit", der "Lille Dorrits elsker" rett og slett er ein gut som er avstandsforelska i Dorrit utan at ho er klar over kjenslene hans. Eg trur dermed at ettersom seksualitet vart sterkare representert i offentleg diskurs, har tydinga "sexpartnar" på sett og vis kolonisert ordet "elskar" og er i dag ei nær einerådande tolking. Vi kan og merke oss at same prosess må ha skjedd på engelsk med substantivet "lover".

Dette har sjølvsagt hend etter Wergeland og Dickens sin epoke. Dermed ville eg stilt spørsmålsteikn ved om Wergeland sin ordbruk her er så eintydig som Helland tek for gitt. For meg står formuleringa som eit reint forvarsel om "historia i historia" - kjærleiks-skjebnene til dei tre jentene Narcissa / Klara / Katarina i delen "Den hollandske familie", og "elskerinder" kan i høve til datidas ordbruk lesast som "forelska kvinner" utan at det framgår om det er eg-personen eller andre dei elskar.

Eg har sans for tolkinga om at Blomsterstykket diskuterar i kor stor grad den forming og stilisering som skjer i ein kunstnerisk prosess er overgrep mot naturen/livet. (Ettersom eg personleg skriv dette stiv og støl og med blåmerker etter danse-øving ville det også vera vanskeleg å påstå anna enn at sjølve stiliseringsprosessen som ligg i dei fleste uttrykksformat kan vera nokså brutal. Kan hende i aller størst grad i dans og sport der utøvarane må tilpasse og stilisere sine eigne rørsler og kropp.)

Men Helland tolker all vold i teksta i same retning. Det ser ut som han meiner Wergeland uttrykkjer (omenn med ein viss ambivalens) at vald og til og med krig var nødvendig for at kunsten skulle bli til, og dermed bortimot rettferdiggjort i det estetiske kunstverket.

kunstnerisk skaperkraft, begeistring og ødeleggelse kobles sammen. Snarere enn å vokse ut av en harmonisk og eksaltert samklang med altet, ligger voldelige overgrep mot uskyldige til grunn for kunsten. (s. 172)

Dermed går han glipp av ei mogleg tolking på "makro-nivå" og lesinga hans kan bli litt meir "nærsynt" enn nødvendig. For teksta har og eit lag om tilhøvet mellom smerte/liding og kunst. På dette planet ser Wergeland ut til å undersøke det tilsynelatande paradokset i at eit land som hadde gjennomgått ein grusom religionskrig dyrkar det fredlege, estetiske blomstermaleriet, og han les ein terapeutisk effekt som kan forklare dette paradokset inn i maleriet.

Det er to paralelle tilfelle av valdsbruk, det eine er krigen og overfallet på landsbyen og det andre at van Hyusum tek gamle Adrian sine blomar. Det andre vert eksplisitt rettferdiggjort ved "forsoningståren" mot slutten. Wergeland kan prøve å uttrykke at kunsten har ein terapeutisk effekt ved å bearbeide sorg og liding som krigen har påført gamle Adrian.

<<: Interessant artikkel om barneoppseding -- Smaken av ugrasklokke