Smaken av ugrasklokke

Litt luking i dag resulterte i ein overraskande stor bunt solide rotknoller av ugrasklokke (Campanula rapunculoides). Det vert sagt at knollene let seg eta, så kvifor ikkje prøve..?

Dagens kulinariske overrasking var at rå ugrasklokkerøtter er kjempegodt! Vaska og lett skrelt har du kvite, sprø røtter med søt, litt nøtteaktig smak. Det minte meg faktisk om "gobon", min favorittgrønsak i Japan. Prøv det sjølv!

<<: Helland og "Blomsterstykket" -- Wergeland for Liv Riiser >>

Comments

Add commentAdd comment