The solitary shame.. ti år etter

Det er ikkje så ofte ein moderne koreografi vert framført på nytt ti år etter premieren. Derfor var det spesielt å sjå Ingunn Bjørnsgårds "The solitary shame announced by a piano" frå 1997 framført på nytt på Riksteateret sin scene i Nydalen. Ein tenkjer uvilkårleg at det er eit høve til å kjenne korleis ein sjølv har endra seg: kvar står ein masterstudent med 10 år danseutdanning og -trening i forhold til den ferske studenten på 20 som vel såg ein av sine fyrste moderne koreografiar?

Problemet med å samanlikne er at minnet er så usystematisk og lett å påverke. For å vera ærleg var vel det sterkaste inntrykket av "The solitary shame.." i 1997 at det var "nokså rart". Scena om raping sitt i, det vesle pianoet likeså. Men eg minnest ikkje at det var så humoristisk, eller at det var slike referansar til kjønnsroller og seksualitet. Er det minnet eller opplevinga som har sensurert bort dette, tru?

I dag er opplevinga meir analytisk, det er på sett og vis eit paradoks ettersom det som skjer på scenen er så absurd. Vi ser sju personar i ulike rørsle-vokabular, det ser ofte ut som dei prøver å konstruere seg ein identitet gjennom gester i møte med publikum og kvarandre. Gestane ber gjerne i seg referanse til klassisk ballett, som ein slags inter-genre-tekstuell koreografi. Det ser ikkje lett ut - vi ser ofte frustrasjonen og uvissa bak ei maske av rørsle. Her kan det minne om Ina Christel Johannesen sine univers, men Ingunn Bjørnsgård modererar det med ein stor dose absurd humor: hand-dokker, hundedressur for menn, krabbing under golvet, dansarar som irriterar andre til dei bokstavleg talt vert kasta ut av scena.. "The solitary shame.." vil tydelegvis til ein plass som både er morosam og litt vond på same tid. Spesielt deodorant-sekvensen tek på kornet den usikre "luktar eg vondt" kjensla på ein måte som er både sår og morosam.

Sjølv etter 10 år og med eit meir analytisk blikk er det mange ting som liksom blir ståande på "rart"-kontoen, som ikkje fell på plass. Men det er kanskje slik det må vera?

Den evinnelege frustrasjonen med utilstrekkelege gester og rørsler som i mine auge gjekk som ein raud tråd gjennom "The solitary shame.." fekk meg faktisk til å stille spørsmålet "kvifor danse?". Gester og rørsler som ein presenterar er så overfladiske i forhold til sinn og kjensler - og heller ikkje i dans kjem du unna det å presentere deg ved å presentere rørslene dine. Nå ja, inntrykka kjem vel som vanleg til å omforme seg og tvinne seg inn i andre, så det er neppe for seint til å dra inspirasjon frå dansen.

<<: Myoga-blomer -- Besigye og overklassa sine kulturmyter >>

Comments

Add commentAdd comment