Besigye og overklassa sine kulturmyter

Bertrand Besigye påstår i intervju med Ny Tid at Noreg ikkje har kulturhistorie:

- Vi har aldri hatt noen adel som kunne støtte kunstnere opp gjennom århundrene. Vi er en ren bondestat som plutselig fikk oljepenger, og det lider kulturlivet av i dag, sier Bertrand alvorlig.
- En nyrik oljenasjon uten noen dypere kulturhistorie skaper et merkverdig klima.
Ny tid nummer 47 2007 s. 27, mine uth.

Her videreførar Besigye overklassa sine kulturmyter.

Nei, Noreg hadde ingen sterk adelsstand - og Fru Inger til Østråt og hennar likemenn var ingen mesenar. Men smak på denne utsegna, Bertrand: at overklasse er ei forutsetning for kultur er ei myte overklassa forfengeleg pyntar seg med.

Kultur er at menneske skaper, bearbeidar og kommuniserar utifrå sine føresetnader, der og da. Den forakta bonden - tydelegvis eit skjellsord også for den sjølv-erklærte natur-dyrkar Besigye - tok vare på mellomalderballaden og store forteljartradisjonar under samarbeidet og slitet for å overleve på småbruk og husmannsplass. Denne verdifulle kulturtradisjonen frå ei materiell underklasse vart eit fundament i norsk nasjonsbygging, og det kan kanhende forklare den nasjonale konsensusen om velferdsstaten. Samt at vi i stor grad har unngått ressurs-forbanning på grunn av olja: det er fattig-genet i vår kulturelle DNA som har berga oss.

At denne kulturarven gjerne vert usynleggjort på Oslo-sida av kulturkløfta er normalt, og at naturmytosen i folkevisene tydelegvis ikkje vert definert som "kultur" av Besigye får vera hans tap.

<<: The solitary shame.. ti år etter -- HAW-sitat i innboksen! >>