Om å lesa for barn

Ei tid tilbake var vi på "Smokken"-treff om barn og bøker, Anne Borge som driv bokhandelen "Bokstua" her borte på Bislett sto for foredraget.

I Suttung-miljøet er det jo mange og sterke meiningar om litteratur for barn, så eg kom til møtet med ein viss skepsis til pedagogisk teoretisering i bagasjen. Jo, det kom ein del rare påstandar som det var vanskeleg å vera samd i, og etter fire yngre sysken og to år som far kan eg vel og skryte på meg litt erfaring..

- Start høgtlesing frå 4 månaders alder
Kvifor vente til 4? Starta frå 0 med Alf-Eivind og det var da kos for både han og meg.
- Bøker for dei aller minste skal ha få detaljar og klare, skarpe fargar

Hm.. Kvifor? Bøkene som det vart reklamert for var jo voldsomt grelle. For vår del starta vi jo med Putte i Blåbærskogen og hadde glede av den.

Tenkj om desse råda dreide seg om interiør og ikkje barnebøker: det er jo ingen som tilrår å male veggane på barneromet knallraude og irrgrøne og fjerne alt som er detaljert eller mønstra..

Bøker for dei nest-minste skal ha få ord, typen peike-bøker

Tja. Høgtlesing er fin aktivitet for store og små, men det er nok i lengden ei ganske sur plikt å lesa peikebøker.. Trur det er viktig at den vaksne også har glede av boka, for å kunne formidle lesegleden til ungen.

Før ungen er 1 år eller så dreier det seg likevel ikkje om at ungen skal oppfatte innhaldet intellektuelt sett. Det dreier seg om språkleg rytme, klang, glede og samvær. For den saks skuld kunne vi starta med Shakespeare. For meg som er så heldig å jobbe i eit internasjonalt miljø er det naturleg å samanlikne med min eigen fascinasjon for å lytte til ukjende språk.

Det er sagt at "du er ditt barns første lærer". Som far har eg skjønt den frasen. Høgtlesing for ungen er kos med alvor: ein arbeider og for å utvikle sin eigen formidlings- og kommunikasjonsevne.

Så frå meg kan du berre få to råd om barn og bøker:

  1. Start med litteratur du sjølv er glad i
  2. Eksperimenter, sjå kva du kan klare å formidle, og ver var for responsen frå ungen.
  3. God lesestund!

    <<: Ina Christel Johannesen om koreografi og dansarar -- Peppermakrell og raudbetsalat >>