Sex i media og reklame og empati

Etter at høgsterett ser ut til å ha liberalisert pornolova og Oslo City sin reklamekampanjar med nakne par over heile byen kan vi nok påstå at visse gamle tabu er utrydningstruga.

Det står for meg som tabuet mot seksualisering av det offentlege rommet var der av gode grunnar. Det er ikkje alle som er på eit stadium av livet der dei kan glede seg over sex. Gata er full av folk som er einsame - gamle, unge, vanlege folk som rett og slett ikkje er i ein seksuellt aktiv fase eller i det rette forholdet. Og om du er i ein "aseksuell fase" bør fellesskapet respektere det og unngå å minne deg konstant om kva du går glipp av.

For meg syner det ustanselege komersielle presset for seksualisering av det offentlege rom at vi kollektivt tapar evna til å ha empati for menneske i andre livssituasjonar enn vår eigen. Til deg som kreerte kampanjen for Oslo City: kan du forestille deg kjenslene til den som nettopp har sett partaren dø av kreft, som må gå mellom plakatane og leve med denne konstante påminninga om intimiteten som var? Er du fortsatt stolt av den "smarte", "provokative" kampanjen din?

Comments

Add commentAdd comment