Elendige T3

Til no har vi knapt angra på at vi skaffa oss kontantkort frå Teletopia for to år sidan, men irritasjonen stig her...

Dei andre sakene er meir eller mindre alvorlege irritasjonsmoment men å låse kontoen utan varsel er rett og slett idiotisk. Brått kan du ikkje lenger ringe eller tekste frå telefonen du er avhengig av sjølv om du har pengar på kortet. Du må rett og slett ringe kundetenesten eller går inn på kundesidene og lade opp med ei krone..!

Samanliknar gjerne med Orange i England. Hadde lite sans for reklamen og profilen men samma det, tenestene og prisen på SMS var OK. Men det som verkeleg har imponert meg var å returnere til London etter tre år, putte det gamle SIM-kortet i ein telefon - og ringe! Venta eigentleg at dei hadde stoppa kontoen som inaktiv men det virka og det sto tilogmed pengar på kortet. Takk Orange, og Teletopia burde skamme seg..

Det er greit nok at vi som bruker NOK2-300 per telefon per år neppe har VIP-status mellom Teletopia sin kundar. Likevel er kontoen i dagleg bruk til SMS og GPRS. Det er klart Teletopia gjerne ser at vi byter til abonnement og betaler 4x meire. Men å sperre kontoen vår er tilfeldigvis neppe den beste måten å få oss til å bli abonnentar på. Det ser ut som dei prøver å irritere oss for å sørge for at vi går til ein konkurrent når vi ein dag ønsker oss abonnementstelefon, og det kan vi gratulere dei med å ha klart.

Comments

Add commentAdd comment