Londonbrev | ||||
---|---|---|---|---|
Brev:
11
Emne: London & Reykjavik Dato: 24 November 1998 19:56
|
||||
Hei! Trur ikkje denne byen er så glad i meg, i alle fall sender han virus etter meg. Men det hender at eg trur eg kan bli glad i byen, spesielt når han minner om Reykjavik. Er ikkje alltid sikker på kva som likner på Island her. Det kan vera vinden, som vi til tider mottek rikeleg av. Somme hus kan likne, sjøl om Reykjavik ikkje har desse typisk Londonske gatene, der alle hus tvers i gjennom heile gata er prikk like, så ein tenkjer seg at London er bygd av firma som var ekstremt gjerrige på arkitekt-løn, og meinte ei teikning kunne halde for 30-40 hus. (Reykjavik legg for dagen langt meir fantasi, og takk og pris for det.) Lyset i London er feil, også, vi merker at vi er lenger sør, heldigvis på denne tida av året (men åkkesom er det meste av lyset her kunstig, og ein god del av det kjem for tida frå pynten handelsstanden prøver å lade batteria til våre julekjensler med.) Men mørkret i denne byen, skumring, natt, demring, det er reykjaviksk. Det er det same mørkret som eg og MD gjekk i, frå Balletskola Þjoðleikhúsins til Vesturbænum, forbi Ingolfsstøtta, kanskje forbi butikkglaset med den lille, sølvfarga modellen av Hallgrimskyrkjan i, forbi Tjørnin og Umferdamiðstøðina og Norræna Husið. Den modellen av Hallgrimskyrkjan var eg heilt borte i, den kosta meir enn 1000 islandske kroner, og det var ein kjempesum. Etter å ha titta gjennom glaset i vekevis, skreiv eg til far i Noreg og ba om peeng til å kjøpe Hallgrimskyrkjan til Matja Dise, i julegåve frå oss. Alt dette hadde eg glømt. Tilmed den vesle modellen, sjøl om han er på MD sitt rom. Butikkglaset har eg ikkje skjenka ein tanke på årevis. Det dukka opp når eg spekulerte på kva Reykjavik og London hadde felles. Brått hang det framfor meg att, med modellen gylden av butikklyset, og eg kjende att mørkret som låg på MI side av ruta, eit meir metta og innpåslitent mørker enn det på Skreisjå.
Og det var avdi London-mørkret minte meg på Reykjavikmørkret, og dermed svimlande brått mante fram opplevinga av glaset med ei ticentimeterhøg mirakelsølvkyrkje bak... --
|