Londonbrev

Brev: 10
Emne: Oppvartning med insekt
Dato: 16 November 1998 22:00
Kommentar:
Her er to brev sett saman, ettersom det siste berre var forklaring på det fyrste...
Hei, alle som får dette tiande fellesbrev frå London!

I natt hadde eg ein sær og litt forvirra draum: Det var mange store, ukjende insekt omkring meg, det var veldig travelt, og dei diskuterte sexlivet til nokon andre.

Draumen ga ei temmeleg klar tolking av korleis det kan kjennest å vera oppvartar på hotellet Landmark London...

For ein gongs skuld har underteikna nemleg klart å skaffe seg ein av dei betre løna småjobbane i byen. Etter at kronekursen fall ned og slo sund grunnmuren i budsjettet mitt, sende vår kjære "Director of student support" meg til finske Katja, som har jobba på LL i to-tre år. Katja slusa meg inn på eit jobbkurs, og dermed var nokre peeng-sorger slokka. Ein del, faktisk, med £6.30 i timen...

Og for ei verd ein kjem inn i! Landmark er eitt av dei siste store "Jernbane-hotella" som vart bygd. Det er pussa opp til meir enn gamal prakt av dei japanske (!) eigarane, til femstjerners standard...

Laurdagsnattsmiddag: peenginnsamling til kreftforsking. Temaet for kvelden var "den siste middagen på Titanic"! Med lydeffekter (vind og bølger), strykekvartett, "salmon en croute" og Elisabeth Arden-parfyme til alle kvinnfolka. Og eg stod der og tenkte på kor utruleg rike desse 140 (?) gjestene måtte vera, når Cansearch kunne bruke så vannvittig masse på ein middag og dei kunne gje bort så masse at det lønte seg....

I går gjorde eg min fyrste frokost. Vi var to spanske, ei finsk og meg, og vi var alle like sjokkerte over desse engelskmenna, som hadde store korger med lekre rundstykkjer ståande på buffeten, og likevel skulle ha smaklaus toast heile tida. Domen frå kjøkkenet var vinglasslar: "They have no CLASS!"

Så var det borddekking for middag... Så var eg "human sign", levande skilt. Kjende meg som eit veldig blankt skilt i starten, for eg visste berre om det arrangementet eg skulle syne gjestene til, men eg lærte da...

Og så var det middag for 240 (!) gjester, for Barbados Travel Authority, invitert: sjefene for alle store reisebyrå i England, pluss generalguvernøren på Barbados og andre offisielle personasjar. Det var min beste middag hittil, gjorde berre småfeil og var ikkje nervøs, men det var temmeleg slitsamt, for dei starta med taler om kor flott Barbados var og kor mange turistar som hadde vori der i år og i fjor, og når dei skulle nå ein halv million, og alle dei fine hotella som skulle bli bygd, og våtmarksområda som skulle opnast for turisme. Og vi måtte stå der og vente rundt omkring mellom dei store blomsterdekorasjonane i raudt og grønt...

Og så vart klokka 11 om kvelden, og eg hadde jobba 14 og ein halv time, med to matpauser... Stakkars bein... Men i matpausene oppdaga eg Landmark Staff Kanteen, med GRATIS restemat frå hotellet..... Yippi!

Ser veldig fram til neste helg, for der er det heilt planfritt og ingenting jobbing.

 
Brev: 10,5
Emne: Bord-vegar
Dato: 22 November 1998 13:52

Var litt sliten da eg skreiv førre brev, så nokre tråder hang liksom litt i lufta. Draumen om insekt vart aldri heilt forklart.

Trur det hang saman med "gatene" mellom borda. I Barbados-middagen var det så mange gjester at salen var temmeleg pakka med bord, 24 runde bord skapte eit innvikla mønster av stier å gå i, og stadige val mellom to alternative vegar, val ein måtte ta under press om ein var fyrst i ei gruppe på fem, som skulle servere i andre enden av rommet så raskt som mogleg.

(Fjern borda, og det hadde vori ein surrealistisk dans!)

Det var ikkje enklare etterkvart som folk kjende seg meir og meir selskapelege, og tok til å gå rundt og konversere mellom borda. Ein einaste person, lent over til eit nabobord, kunne sperre ei heil rute for oss med store skåler.

Og kjensla av å gå raskt i rader på fem med store skåler mellom borda, velje veg etter instinkt som maur i ein maursti, den kjensla var det altså som nedfelte seg særs presis i insekt-draumen... Mitt liv som banqueting-maur.

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste