Julekorg i praksis

Frå saiberspeis til juletreet...


  Mønsteret

 

Eit julekorgmønster.

 

Slik ser eit julekorgmønster ut i mønsterprogrammet. For å sjå åssen det kjem til å hengje på treet som korg, må du skakke huet mot høgre. Det er viktig å tenkje på når du lagar mønster, at det som ser ut som eit kryss på mønsteret, skal bli ein kross på juletrekorga: x vert til + !

Den som har prøvd seg på julekorgfletting ei stund, ser raskt at dette er eit brukbart mønster. (Noko av ein klisje, kanskje, krossen er det vanlegaste motivet på julekorger...)

  • Det er klart og "reint", kjem til å bli enkelt å flette og synest godt på treet.
  • Det sklir truleg lite. "Skliing" er at strimler i korga forsvinn under kvarandre. Det er vanskeleg å seie om eit mønster er 100% sklisikkert, men det er godt med "trappetrinn" i mønsteret og jamn fordeling av fargane, ikkje lange felt med berre den eine.
  • Og det er siste ting å tenkje på når eit mønster skal bli til: ei heil stripe i same farge, gjer korga svak. Ein bør alltid prøve å snike inn eit par ruter av den andre fargen.


      Lekre mønster

    For at ikkje denne sida skal bli for tung å laste, kan eg ikkje putte inn alt for mange mønster her.. Det får bli nokre KLASSISKE grunnformer og nokon veldig fine variantar...

    Klassikar nr. ein: krossen:

    Mønster. (eks6.gif - 753 bytes.)



    Det finst mange fantastiske mønster bygd på krossforma. Animasjonen her syner fire, temmeleg ulike krossmønster. Dei er, som mange i krossjangeren, namnlause:


    Animasjon - 4 mønster. (4kross.gif - 4,3 KB)


    Klassikar nr. to: stjerna:

    Mønster. (eks7.gif - 818 bytes.)

    Stjernene er vakre, men litt vanskelege fordi dei ofte er plaga av skliing. Animasjonen syner to fine variantar, den vakraste er kalt "Snøstjerna":

    Animasjon - 2 mønster. (2stjerne.gif - 2,26 KB)

    Eit mønster treng ikkje vera heilt symmetrisk. Tvert om, dei mest interessante mønstra eksperimenterer gjerne med symmetrien. "Lilje-"korger og "høge" kross er symmetriske om ei akse. I animasjonen er mønstra "Solhjulet", "Liljer i Soria Moria Slott" og "Golgatha-liljer":

    Animasjon - 3 mønster. (3div.gif - 3,1 KB)

    Kan ikkje syne fram meire, for denne sida vert for tung av all grafikken. Men om du lastar ned programmet, kan du også laste ned ei samling vakre mønster!!!

     


      Lær å flette julekorger

    Dei fleste har vel vori borti teknikken i skulesamanheng, så dette er fyrst og fremst for oppfriskning.

    Du må ha papir i to fargar. Start med å brette papiret på midten, med den ufarga sida ut, slik at du kan merke opp kvar du skal klyppe med penn eller blyant. Sjølv klypper eg vanlegvis 4 millimeter breie strimler, og strimlane til ei 15X15-korg må da vera 6 centimeter lange, med ein halv cm eller så ekstra, som slingringsmon.

    Etter å ha klypt opp båe arka, kan du brette fargesida ut, og leggje dei i vinkel, venstre ark oppå det høgre...

    ...med den øvste strimlen på høgre ark over strimlane på venstre.

     

    Så kjem intelligenstesten. Det gjeld å halde greie på kvar du er i mønsteret, samtidig som du skal passe på å ALDRI leggje strimler over eller under kvarandre. Strimlene skal gå INNI kvarandre. Dersom den ruta du er på i mønsteret er mørk, skal strimlen med LYS farge GJENNOM den mørke. Og omvendt.

    Når du er ferdig med fyrste strimmel og fyrste line i mønsteret, legg du neste strimmel oppå og held fram med inni - utanpå - inni.... Det kjem til å bli lettare etter kvart, for korga kjem til å bli meir stabil...

    Når flettinga er ferdig, er det berre att å runde kantane vakkert med soks, og lime på hank.

    LYKKE TIL! Helsing meg, julekorgprogrammet og PCen Katrine!