Julekorgmønster!

Historia om eit program..

Animert julekorg Animert julekorg Animert julekorg
Om julekorgprogrammet:

Julekorg i praksis:

  Om julekorger og tradisjon

Dei fleste nordmenn har vel som små laga ei 3X3 eller 5X5 ruters papirkorg på skulen, til å ha på juletreet heime. Men det er kanskje ikkje så mange som har sett korger som er meir utfordrande enn den enkle barne-versjonen.

Eg starta som 7-8åring med 5X5, 7X7 eller tilmed 11X11 strimlar. Så kunne eg teikne mønster sjølv på rutepapir. Naturlegvis vart eg etter kvart utolmodig, og ville gjera "skikkelege", vaksne korger. Mor fletta 15X15, så det ville eg også prøve!

I 4 klasse eller deromkring, hadde vi juleverkstad på skulen. Julekorger hørte jo med. Papiret vi fekk var rart klypt, 5 strimler der dei ytste var breiare enn dei inste. Da vi skulle flette ei vanleg rutekorg, gjorde eg opprør. Det skulle vera mønster, breie sidestriper eller ikkje! Eg fletta eit slags krossmønster, det såg rart ut med stripene, og ruter hadde sikkert vori betre. Men skal det vera, så skal det vera! Ja til mønster, nei til ruter!!!
(Kanskje det er eit fint livsmotto?? JA TIL MØNSTER; NEI TIL RUTER!!!!)

Eg veit ikkje kva julekorg heiter på engelsk (eit forslag er "Christmas hearts"), og ikkje kvar skikken med julekorgfletting kjem frå. Det er ein nordmann som er i Guinness rekordbok for å ha fletta den minste korga i verda, og rekorden har stått temmeleg lenge, men det er litt raskt å konkludere med at tradisjonen står sterkast i Noreg.

I alle fall står tradisjonen sterkt åt oss heime. Det vanlege formatet i familien vår, er 15X15 ruter. Det tek 15-20 minutt å flette ei slik korg, (med litt trening, vel å merke). Det er ein fast del av adventsdagane å lage julekorger, kanskje nye til vårt eige tre, kanskje som julegåver, stundom for sal. Eg har seld julekorger dør-til-dør både i Reykjavik og Rauland...

I Reykjavik kjøpte alle studentane, men i dei fine villastrøka gjekk eg i timesvis utan å selje ei korg.

I Rauland, derimot, kjøpte dei aller fleste! Raulendingane kjente vel tradisjon og kvalitet når dei såg det! Det var så inspirerande å gå og selje der, at eg glømte klokka og dreiv på til 11 eller så om natta...


  Julekorgmønster!

Mønstra, ja. Den største samlinga hadde mor, i ei gamal, fillete mattebok. Den er vel temmeleg oppløst i dag, det flyt grå lausark om i skuffene med julekorgpapir.

For å teikne mønster, treng ein papir med ruter på. Skikkeleg rutepapir vart verdsett - men i skulebøkene mine, var det ruter som var dobbelt så høge som breie. Slikt tull! Det gjekk jo ikkje ann å teikne mønster!
(Vel, med kvadratiske ruter i skulebøkene, hadde eg kanskje ikkje vori så flink i matte?)

Men ein dag i tredje eller fjerde klasse fekk vi ei bok som vi skulle teikne firkantar og rekne ut areal i. DER var rutene kvadratiske! Eg starta foran med arealrekninga, og bak i boka med julekorgmønstra. Heldigvis rekna vi ikkje så mykje med areal det året...

Vi ungar skulle naturlegvis også ha "mønsterbøker", som mor hadde, og vi kopierte flittig alle dei mønstra vi likte best. Men det var temmeleg slitsamt å sitje og skravere kanskje 100-150 ruter med blyant...

(Vidare nedover denne sida, held historia om Julekorg- programmet fram. Om du vil sjå på mønster og korger og slikt, eller lære litt meir om fletting, kan du gå til "Julekorger i praksis"-sida.)


  Og så kom PCen!

Trur det var i 1994 eg fekk ein 386-PC med Windows 3.11 på, ho lyd i dag namnet "Katrine" (dersom ein ikkje seier det på bergensk). Katrine hadde med seg "Microsoft Entertainment Pack", inkludert eit spel som vart kalla "LifeGenesis". Det er litt vanskeleg å forklare reglane, men det var eit rutenett, og ein kunne farge ei og ei rute. Perfekt for julekorgmønster!

Nesten...
For LifeGenesis kunne ikkje lagre mønstra som vart til, og ikkje skrive ut heller. (At ikkje programskaparane tenkte på at ein kunne bruke programmet til julekorgmønster? Dårleg fantasi!) Dette sette jo sterke grenser for kva ein kunne gjera. Dersom eit møster skulle brukast, måtte ein teikne det av eller flette det der og da, framfor skjermen.

Det hjelpte litt å bruke PrintScreen tasten til "skjermdumping", etter å ha lært det, kunne eg taka mønsteret inn i teikneprogrammet og lagre det der. Men det vart så kjeempestore filer av det, dei brukte så masse plass på maskina!

Eg tok til å snuse på VisualBasic og programmering. Basic er eit lett PC-språk, og Microsoft Word-"dialekta" kunne eg alt. Tru om det var vanskeleg å lage eit program som kunne registrere julekorgmønster og lagre dei? Taka vare på gamle mønstre, laga nye enkelt og greit... Det var ein lokkande ide.

"Learning by needing"-prinsippet er storarta.
Resultatet er eit praktisk program, vakkert, kreativt og enkelt (om eg må seie det sjølv!). Det er produktet av utalde timar med Katrine, stundom brukte vi nettene saman også. Gjett om eg er stolt av programmet mitt?!

Det flottaste er at det lagar så små filer... Mønstra vert lagra som tekstfiler, dei ser til dømes slik ut:

Mønsterfil. Ikkje rediger! 
Storleik:  15
@112222111222211
111122212221111
212112222211212
211211222112112
221121121121122
222112111211222
122211121112221
112221212122211
122211121112221
222112111211222
221121121121122
211211222112112
212112222211212
111122212221111
112222111222211

Er ikkje det snertent? Dette er mønsteret som høyrer til.

Dersom du vil prøve programmet: værs'god! Det går både under Windows 3.1 og Windows95/98. Det er absolutt gratis, det einaste eg gjerne vil, er at du kan tenkje deg å sende meg eit mønster ein dag, når du har laga noko flott. Gjerne mange mønster, for den saks skuld!


  Nedlasting

Her er nedlastingsplassen. Før du lastar ned noko, må du finne ut kva du treng:

Du kjem til å trenge tre systemfiler:

Om du manglar systemfilene

må du laste ned denne fila. Dette filene programmet treng.(224 KB). Du vel om du vil unzippe filene til windows si system-mappe, eller til mappa du legg sjølve Julekorgprogrammet i.

Programmet

Last ned programmet og lesmeg-filer, pakka i .zip-format.
(19 KB - lite, ikkje sant?)

Lita pakke med mønster

berre slik at du kan sjå kva programmet kan.. Berre 7,5 KB og tek så kort tid å overføre at du bør laste henne ned, åkkesom. Men du kan jo ikkje sjå på mønstra utan programmet, så du må ha det også. Dette er også zippa.

Om du ikkje kan opne ZIP-filer

bør du skaffe deg WinZip.


Animert julekorg
Animert julekorg
Animert julekorg