I følge introduksjonsteksta i programmet handlar Tricolore av Open Dance om fridom, spesielt fridom til å uttrykke seg. Sjølve stykkjet er komponert som strukturert improvisasjon.
I dette ligg det ei motsetning, som på det teoretiske planet vert eit paradoks: struktur og fridom er nærmast antonyme. Spørsmålet er om ein koreograf ved å diktere kva 12 andre skal gjera på scena kan uttrykke noko om fridom? For meg vart ikkje dette paradokset teki opp eller løyst i forestillinga og det vart ikkje overtydande som eit uttrykk for uttrykksfridom..
Comments