Siste
Farvel Facebook
Av både personlege og politiske årsaker har eg skrudd av Facebook-kontoen min. Tida vil vise om eg ein dag vil ønske å logge inn på nytt. I mellomtida kan du kontakte meg pr. E-post eller på Twitter (konti @hallvors for personlege skribleri og @hallvord for offentleg og til dels jobb-relatert stoff.)
Skumle eventyr
Er høgtlesing av eventyr for skummelt for barn?
Det hender skumle ting i eventyr. Tinnsoldaten vert skremt av ei rotte og slukt av ein fisk. Kan det vera skadeleg for barn å lytte til det?
Det er mange, mange barnebøker som berre er søte og snille. Somme av dei - t.d. mange bøker av Elsa Beskow - er og vakre bøker som eg er glad i. Ein kan lett velge å lesa berre dei enkle, snille bøkene for ungene sine. Ein kan sikkert og finne fagfolk som tilrår å gjera nettopp det, og som ser på tradisjonelle eventyr med ein viss skepsis. Men eg trur at dei "gjennom-søte" bøkene ikkje har same funksjon - ikkje gjer same jobb for barnet - som t.d. Tinnso... More
Naoshima

Eit reisebrev frå Japan - til familien der
Først, reisa. Takk for at vi brukte toget enno det tok lenger tid og var meir slitsamt enn bilen. Men å skifte frå bil til tog i Fukuyama endra måten vi reiste saman på. Atmosfæra vart meir avslappa, med småprat og småmat. Medan vi venta på neste tog fann vi interessante stader å leike. Brått kunne vi setje pris på reisa, ikkje berre på reisemålet. Meir arbeid, men fleire minne.
Naoshima er ei øy kjend for museum og diverse kunst-prosjekt.
Benesse kunstmuseum var heller skummelt å vitje - ... More
Til minne om Rashpal

Eg minnest han som varmt omtenksam med eit særs generøst smil.
Prøvestunder med EDge tidleg i 2002/2003 dukkar opp, der eg såg delar av Wayne McGregor sin koreografi "Phase Space" liksom overføre seg sjølv frå figuren på videoskjermen til Rashpal sin spede kropp, så ulik mannen i videoen. Rashpal hadde ein stor solo og rørslene kom ut av han med ein slags uanstrengt ærlegdom, så vakkert og fyldig. Eg har neppe sagt deg at arbeidet ditt gjorde slikt inntrykk på meg, Rashpal - tenkte du visste at det var godt jobba - men ein dag forlot du EDge... More
Meny for bæsmor sin 83-årsdag
Det er ikkje alltid lett å laga mat på andre sitt kjøkken, utan å ha kjøpt ingrediensane sjølv og utan å ha oversikt over utstyret - men Martin og Tali hadde gode råvarer og greit med reidskap så da vi skulle laga middagen til bæsmor sin 83-årsdag var det ingen grunn til panikk.
Kyllingfilet vart vend i smelta smør tilsett litt balsamico-eddik og godt med estragon. Så la vi tynne flak skinke over og bakte/grilla dei i omnen.
Til sitron-glaserte grønsaker skar vi opp raud lauk i fine skiver, gulrot og eple i strimler og steikte det i s... More
Comments
Similar pages
Download Opera