Meg, tidspaginert
Denne nettstaden starta temmeleg artikkel-basert, og har i grunnen alltid stått for meg som ei samling tekstar om ting. No har eg til sist kapitulert for "blogg"-formatet og ordna det nyaste av det nye etter år og månad.
Eg har altså sett lyset, og tenkt litt på grunnen til å dytte tilfeldige årstal inn i adressa til sidene mine. Det er rett og slett genialt av to relaterte grunnar: det er ein forutseieleg måte å paginere innhald på, og tida som flyt jamt krev stadig ny tekstproduksjon.
Paginering vil seie å dele opp i "sider" - til dømes slik Google gjer etter å ha grave opp 266938 treff og syner deg 1-10. Nettstaden her kjem neppe til å nå 266938 sider, men likevel kan listene over innhald bli for lange. Det er ikkje enkelt å skulle dele det inn på logisk vis og slik at alt skal vera lett å finne. Det er rett og slett nyttig at noko paginering kan skje automatisk (om det enn berre er å syne sider frå april 2007 i ei liste og mai 2007 i ei anna).
Og: bloggen krev stadig nytt innhald. Det gjer meg rett og slett langt meir produktiv å sjå ei veke utan nytt stoff enn å sjå på ei liste over 19 gamle artiklar og vurdere å leggje til nummer 20.
Tidspaginering er tingen.