Master

Masteroppgåva mi - soloen Wordpath - er godkjend av LCDS og dermed har eg så vidt eg kan skjønne ein mastergrad i utøvande moderne dans frå Universitetet i Kent, Canterbury. Hurra.

Karaktersettinga var sånn midt på treet, med dels forventa kritikk av den skriftlege delen. Det kjendest som eg måtte oppsummere midt i ein uferdig prosess, men slik er det vel alltid med deadlines. Ettersom prosjektet vart gjennomført midt i så mange andre ting som krevde tid - barnefødsel, Opera jobbing og anna - er det heller eit mirakel å ha nådd fram til dette. (Det var og litt uventa kritikk - spesielt av formateringa av bibliografien, det fekk meg til å lure på om OpenOffice spelde meg eit puss og sløyfa litt formatering under lagring i Word-format. Å, programvare..)

Forøvrig: ein deadline treng ikkje å leggje eit prosjekt dødt. Kan godt tenkje med å skrive litt til på den oppgåva, øve meir på koreografien, kanskje framføre det på nytt.. Kanskje diskutere rytme med Tomas i Sisu, bruke video-opptak og data til å studere den rytmiske interaksjonen mellom tekst og rørsle i detalj, kanskje jobbe med stemmevariasjon, koreografisk intensjon, kondis og stamina.. Enno mangt å utforske i dette prosjektet - og bra er det!

Så var det takke-talen.. posthum takk til Hans Børli for tekstene, takk til Chia Tachibana, Stephanie Schober, Inger-Reidun Olsen, Masja Abrahamsen og Mashfiqul Islam for koreografi, Sue MacLennan og Ella Gyri Groven for vegleiing, Birgitte Strid for kostyme, familien Hanton for husvære i London, og framfor alt - sjølvsagt - takk til Harumi.

<<: Halling på chello?! -- Enkel råkostsalat >>