Om utviklinga av Kanji

Kanji er det mest komplekse av japanske alfabet - over 3000 teikn importert frå kinesisk for omlag 2000 år sidan. Eit teikn er vanlegvis komponert av ein eller fleire små teikninger, over tid forenkla og abstrahert og ofte mutert gjennom nye kombinasjonar eller rett og slett slurvete kopiering. Parallelt med denne grafiske erosjonen har også meininga sakte endra seg - ofte via assosiasjon, eit teikn tek opp ei ny meining som er relatert til den gamle.

Dette kan virke ganske obskurt for oss som er vand med eit stabilt fonetisk alfabet på 29 bokstavar, men når du tenkjer over det illustrerar Kanji-utviklinga generelle prosessar i måten språk utviklar seg på. Skilnaden er at i vår kultur er det ord heller en teikn som endrar form og meining ved assosiasjon..

Teiknet (klikk boksen om du ikkje ser eit teikn) tyder både grense og område. Teiknet er laga av to deler som tyder "åker" og "mellom", så det er tydeleg at den opphavlege meininga var grense og at område kom til seinare, ved assosiasjon til det som er innanfor grensa.

På andre sida av kloden brukar vi ordet "gard / gård", som opphavleg tydde "gjerde" (som i "skigard" eller "steingard"), og som med tida sakte gjekk over til å tyde det som er innanfor gjerdet - garden. Og i Texas når du talar om ein "ranch" meiner du noko som er "avgrensa med ei line" - det er derfor ordet er i slekt med "rank" som tyder å organisere nokon eller noko etter ei line eller i eit system.

Fleire kulturar - same assosiasjon, same prosess for språkleg utvikling. Er ikkje menneskesinnet interessant?

Comments

Add commentAdd comment