Amputert romantikar

Det var ein dag ein mobbar som prøvde seg på psykologisk analyse av offeret. Det gjekk slik til at han kom inn i klasseromet med ein kassett, proklamerte at "denne sangen er om deg, altså!" og spelte Paus-visa med tittelen "Hvorfor ligger ingen med meg" om ein mjuk mann som ikkje får seg "dame". Det går fram av visa at alt det "mjuke" ved mannen berre er kvinne-lokkande staffasje.

Offeret kjende seg neppe så veldig karakterisert, og det kan jo hende Stein Mehren også hever seg over Steffen Kverneland sin versjon av han i teikneserien "Amputerte Klassikarar". Mobbeteknikken er nett den same, omenn framført med eit hår meire vidd og trøkk enn det Torleif (1) presterte.

Kverneland forsvarar seg med at han tykte diktet var dårleg. Kvalitet er eit subjektivt omgrep, særskild om ein startar med å psykologisere over / omtolke det ein skal døme om kvaliteten på. Dessutan kan ikkje personleg smak orsake mobbing.

1Note: namnet Torleif er ekte. Typen var så dum at eg ikkje gidd å gje han psevdonym.

Comments

Add commentAdd comment