Jantelov i skulegarden.

Det var ein gong ein advokat som skulle forsvare ein kommune som vart saksøkt avdi skulen der ikkje greip inn mot mobbing. Saka fekk publisitet, og Per Faye-Lund fann ut at han også måtte drive PR-rådgjevande arbeid og føre saka i avisene:

Mobbing er berre "barnas voksentrening" sa han til Dagbladet. Mykje av det som vert kalla mobbing er rett og slett at ungane "tilpasser seg hverandre" og "unoter slipes av".

Tenkj det, Hedda!

Den som vert mobba, kjenner det som ei skam. Mobbaren er nett den som har evna til å få andre til å føle at noko er gale med dei. Og ei av dei største avisene i Noreg hjelper til: i Dagbladet seier Faye-Lund at skulda ligg åt ofra: dei har "unoter" og treng tilpassing.

Dei fleste mobbeofre vert plaga avdi dei på eitt eller anna vis skiljer seg ut frå flokken. Det er nok ei "unote" som nokon må "slipe bort".

Faye-Lund kan dra ut i skulegarden og finne fram til dei som krek i krokane. Han må opplysa dei om at dei vert utestengde avdi dei skal tilpasse seg dei andre. For ei trøyst å vita når dei går aleine og ikkje får lære å tolke signal andre sender ut! Det er berre tilpassing når dei ikkje får lære seg å tolke andre "kroppsspråk-dialekter" og uttrykksmåter enn den som rår heime, og dermed for år framover vil ha vanskar med å omgås "dei andre".

Forøvrig har advokaten jo rett i at viktig forming og sosialisering skjer i skulegarden.

Kva normer får ungane så lære der?

Det viktigaste elementet i "vaksentreninga" er kanskje å få hamra dette prinsippet inn i hovudet: "Alle som har makt, har rett." Jungellova!

Det nestviktigaste våre ungar får lære, er: "Du skal vera som oss!" Jantelova!

Er det desse normene vi vil bygge samfunnet etter?

Gjer vi det allereie i dag?

Er det fleire enn eg som kjenner det som om vi under retorisk røykteppe frå "sosialdemokratiske" politikarar vert stendig meir prega av "skulegardslover"?

Advokaten har rett - det er det tragiske. Skulegarden gjev "vaksentrening".

Og korleis det kjem til å prega samfunnet mine ungar skal vekse opp i - det tør eg ikkje tenkje på!

Comments

Add commentAdd comment