Om karnevalet

Notting Hill karneval

Karnevalet er av mange sett på som eit av utgangspunkta for teateret. Karnevalet har klare teatrale trekk, med opptog, gjøgleri, masker og rollespel. Det viktigaste rollespelinnslaget er ein "kamp" mellom figurane "Karneval" og "Faste". "Karneval" står for fråtsinga, og tapar mot "Faste", for så å bli symbolsk brent, jaga eller hengt. Dette er ritual som ein kjenner att frå saturnalie - og dionysoskult i Romarriket og Grekenland! Denne tradisjonen har tydelegvis vori sterk og livskraftig heilt til våre dagar.

Teaterteoretikarar som Jon Nygaard skildrar karnevalet som del av ein folkeleg motkultur, ein uoffisiell tradisjon som eigentleg innebar eit opprør mot kyrkje- og fyrstemakt, men som sto så sterkt i folket at kyrkja berre kunne tilpasse seg og setje av plass i kyrkjeåret... Som ein konsekvens av dette, knyter han Faste-personen, som slåss mot og nedkjempar fråtsaren Karneval, til kyrkja sin moralske peikefinger: slutt med bråket!

"Den kirkelige fortolkningen av fasten som avhold og nøkternhet, quaresima, må derfor være en bevisst begrensning av tradisjonen og en overbetoning av visse elementer i det opprinnelige fruktbarhetsritualet. /.../ mønstret i karnevalsfeiringen /.../ må tolkes som et forsøk fra den offisielle kirken på å regulere festene"
(Nygaard si teaterhistorie, bd. 1, s. 135f.)

Eva Falck skriv i si bok om Dario Fo at "Kong Karneval er bærer av samfunnets negativitet - og må derfor utslettes.", (referat av Toschi, s. 77) men påstår også lenger nede på same side at det er den kristne tradisjonen som slå igjennom når Faste vinn kampen. Er ikkje dette eigentleg to motsette syn? Det eine går ut på at kong Karneval symboliserar negative krefter. For det motsette synet er Karneval sjølve inkarnasjonen av folkefest, som den livsneitande kyrkjemoralen snik inn i tradisjonen at ein skal jage bort.

Notting Hill karneval

Å sjå karnevalet sin funksjon og rituelle form som blanding av "uoffisiell", orgietradisjon og "offisiell" moral er etter mi meining ei forenkling.

Nygaard overser at tradisjonen med syndebukk og ofring går lenger attende enn til katolsk moral. Til dømes saturnaliefesten inneheldt menneskeofring.

Det synest som Nygaard og Falck går ut frå ein tanke om at folkemengda er umoralsk, kyrkja er moralvakt. Det smakar litt av gamal overklasseangst for det "rå" folkedjup - sjølv om teaterteoretikaren set motsett forteikn på den folkelege tradisjon. Når ein så klassifiserar Faste-figuren som den moralske komponenten i karnevalet, er den raske konklusjonen at dette er noko kyrkja har organisert. Faste "må tolkes som et forsøk fra den offisielle kirken på å regulere festene".

Grunnen til at Nygaard kan generalisere slik, er at han er trygt plassert i eit velstandssamfunn. For mellomaldermennesket var det nok heller tørre fakta at fråtsing var samfunnsnedbrytande. Tilgangen på mat var jo ikkje uendeleg, naturen sette stramme og følbare grenser for livsforma. Slutten på karnevalet kan ein også sjå som samfunnet si felles erkjenning av naturlege grenser - ei erkjenning som vi visst manglar i dag. Dagens hovmodige utnytting av naturen, og vår velstand, gjer Nygaard blind for at personleg fråtsing faktisk ER negativt for eit samfunn, og ikkje ein positiv, livsbejaande protest mot kyrkjeleg moralisme.

Karnevalet inngår i ein rik metaforikk omkring ofring, død og nytt liv. Det er knytt til innviingsriter og fruktbarheitsofring. Jesus bruker likninga om kornet som må falle i jorda og døy. Om han sjølv knyter sitt liv til denne symbolkrinsen, er det enno eit døme på at symbolikken må vera eldre enn kristendomen.

At Karneval tapar kampen og vert avretta, er heller ei rituell, symbolsk framstilling: eit heilt samfunn si erkjenning av at krefter som er nødvendige for livet må skiljast ut som negative for at samfunnet skal vare ved. Og slik er karnevalet teater - det er (for å vri på Silbermann) "gjennom symboler framkalt felles erkjenning!"

Foto frå karnevalet i Notting Hill, London, August 2000

Comments

Add commentAdd comment