Jyllands-Posten vs Islam

Har brukt litt tid på å nå ein konklusjon om Muhammed-teikningane som har vori påskot for så store protestar i muslimske land... Kommentarar velkomne.

Fyrst og fremst: Å vera redd er å ikkje vera fri. Den danske diskusjonen om redsle og ytringsfridom treff kjernen av saka: det er ikkje akseptabelt at ytre press skal føre til sakte erosjon av våre sivile rettar. Derfor støtter eg fullt ut Jyllands-posten si vinkling og publiseringa av teikningene.

Men det går ei fin line mellom det å skape debatt om frykt og ytringsfridom og det å bruke ytringsfridom som stråmann for å markere avstand mellom "oss" og "dei andre". Når den religiøse høgresida grip saka er det rein sjølv-markering. Det gjeld å syne at "vi" er fornuftige og "dei" er barbariske. Nøyaktig same logikk med motsett forteikn er representert av demonstrantane i muslimske land. Dette er ein skjult agenda eg ikkje vil støtte. Litmus-testen er om den som proklamerar "ytringsfridom" er religiøst nøytral, det vil seie om dei ville akseptert eller publisert liknande karikaturar av kristne/jødiske personar. Det er ikkje imponerande forsvar for ytringsfridom å berre karikere dei du misliker.

Er det i orden å fornærme ein religion da? Vel, som relativt tradisjons-medviten protestant som av og til går i kyrkja vil eg svare: ja, det er i orden. Religionar må leve med at nokon brukar blasfemi for å uttrykke noko. Det er ikkje alltid eg meiner at eit "provokativt" kunstverk er tankevekkande, men kunstnarleg verdi og blasfemi er to ulike målestokkar.

Men har ikkje Jyllands-posten krenka Islam med ein kristen og kvit/rik/vestleg/kulturimperialistisk maktdemonstrasjon? Eit slag i ein kulturkrig mellom islam og kristendomen?

Nei. Det har historisk resonnans å bruke kristen-kvit-rik-vestleg som karakteristikk men i dag har kristendomen ei heilt anna rolle i vest. Utanfor religionane sjølve ligg den store skilnaden mellom kristendom og islam: kristendom er ikkje lenger brukt som makt-legitimerande ideologi, men det er islam.

Dette er ein fundamental skilnad som forklarar at "blasfemi" mot islam kan møte så sterke reaksjonar medan "blasfemi" mot kristendomen knapt får nokon.

Kristendomen hadde denne rolla (innkludert anti-"blasfemisk" maktmisbruk), men i dagens vestlege samfunn er det kapitalisme som er den bærande, makt-legitimerande ideologien. Dei ti bud er bytta ut med lova om tilbod og etterspørsel. Rike, kvite menn reiser ikkje rundt med gevær og bibel for moderne imperialisme - Bush jr. sine menn har atomvåpen og Milton Friedman-bøker.

Dette forklarar at USA har handelsembargo mot Kuba (som framstiller seg og vert oppfatta som ein konkurrent til eit kapitalistisk system) men handlar med Saudi-Arabia (trass i at islam framstiller seg som ein konkurrent til kristendomen). Det er kapitalismen som legitimerar systemet, ikkje kristendomen, og dermed kapitalismen som må bli verna mot "ideologisk konkurranse".

(NB: kan heller lite om Kuba. For å skaffe meg ei meining ville eg nok starte med Amnesty Internasjonal sin dokumentasjon og sikkert ende opp med omtrent same konklusjon som dei.)

På vegen frå stats-legitimerande ideologi til privatsak har kristendomen mista vernet mot "blasfemi". Dette var eit godt bytte. I dag må ein religion prøve å inspirere heller enn å diktere, og kristendomen kan no fokusere på kjernebodskaper om fred og kjærleik stort sett utan å måtte kompromisere etikken ved å seie "Gott mit uns" når herskaren vi krige.

Teikningane i Jylland-sposten har knapt fornærma salig Muhammed, muslimer generellt eller demonstrantar som knapt har sett ei av dei. Dei har kanskje demonstrert danske fordomar og hjelpt til å stigmatisere muslimar i Danmark - men det er ikkje det protestane dreier seg om! Protestane er organisert avdi teikningane har stilt spørsmålsteikn ved ein makt-legitimerande ideologi på ein måte som dei ved makta opplever som farleg.

(Det er og nokså overtydande argument for at dei ved makta blåste opp dennne konflikten for å begrave dårleg nytt av andre slag.)

Dei moderate kreftene i islam må prøve å skilje religion frå makt-legitimasjon. Det er tvilsom om danske karikaturar eigentleg hjelper med det, men kva med å prøve å unngå å kjøpe Saudi-Arabisk olje? *

* Om du unngår å kjøpe olja frå Saudi-Arabia er jo norsk olje eit relevant alternativ? Denne artikkelen er sponsa av Statoil og Norsk Hydro...