Fordeler og ulemper ved forestilte fellesskap - debatt etterlyst

Analysene av den oppskrytte globaliseringa er full av spådomar om at nasjonalstaten er på grensa til å vera irrelevant. Samstundes har norske akademikarar avdekka at vår norske nasjonalstat vart konstruert ein gong i det 18 århundre for å tene middelklassa sine næringsinteresser (kvifor spør ikkje nemnde akademikarar seg sjølv kvifor dei har avdekka dette nett idet næringsinteressene vert globaliserte? Kven sine interesser tener dei no?)

Denne teksta er omsett frå engelsk. Dette vitnar om krafta i fenomenet blogging som driv ei slags globalisering av diskusjon. Men for å i det heile skrive denne teksta trengte eg eit forestilt fellesskap av blog-lesande cybernautar. Mangt av det vi gjer er interaksjon med forestilte fellesskap (til dømes er alle inkjøp og sal interaksjon med det forestilte fellesskapet av "alle som skjønner verdien i eit papir med påtrykte tal).

Medan akademikarane debatterar nyansane ved konstruksjonen av ein norsk identitet og ein nasjonalstat spør eg meg kva dette forestilte fellesskapet har tydd for dei som forestilte seg det. Dersom vi vil "oppheve" dette forestilte fellesskapet i akademisk småskrift, kva slags følger bør dette få for t.d. lovgjeving og statsborgarskap? Kva slags fellesskap kan erstatte nasjonalstaten - er det EU som er målet? Kva er dei verkelege fordelene og ulempene ved å definere seg som eit medlem av eit forestilt fellesskap (slik som men ikkje avgrensa til ein "nasjon" eller eit "firma"), kva slags friksjon oppstår når idear om individualisme møter ideane til det forestilte fellesskapet?

Vil nokon vera med på denne samtala?

Comments

Add commentAdd comment