Om å flytte ting

Etter mange år med midlertidigliv i utlandet er det rart å samle alt som er mitt på ein stad.. Ordne kaoset, kaste gamle papir - vonde, gode, likegyldige dokument på varmen eller til resirkulering. Flytte til heller enn å flytte mellom.

Å flytte syner kva du eig. Volum og tal er alltid større enn venta. Men det mest uventa er at det er så mange ukjende ting som er "mine". For meg er "eigedomsrett" tufta på kjennskap, dagleg bruk. Her kjem det ein flom av saker som løgner mot Finke i "Lyv ikke" og påstår at eg skal omtale dei med 1. personlege eigedomspronomen!

I kaoset er det ting som kan få minne til å vakne, men det er dobbelt så mange saker tida har fjerna alle minner frå.. Det er som ein snurrig, omvendt eigedomsrett: desse sakene har vald seg meg som eigar og må bli med i lasset same om eg kjenner dei eller ikkje.