Londonovember

Hauststemning frå London i november 2000.

Skule-nybygget til London Contemporary Dance School skulle vori ferdig i september, men dei vart forsinka.. Endeleg trekk byggingskaoset seg sakte unna og overlet huset til oss steg for steg. Vi har etterkvart fått fire nye studio, store og lyse med glatt og fjørende tre-parkettgolv. To til er under konstruksjon. Slikt skjer altså når ein institusjon får milliardar frå the National Lottery...

Framleis borer og bråker polske arbeidsfolk om studioveggane og overdøver både pedagog og pianist mens små papirlappar med "Nymalt" på fire språk formerer seg i gangane der ein kan treffe rektor på inspeksjon i bygningsarbeidar-hjelm.

Vel, bråk er vi jo vande med i november. Guy Fawkes dag er offisielt 5., men dei feirer han med bål, fyrverkeri og smell i dagevis både før og etterpå. I lauvfall og røykluft frå bålbrenning er det reine Skreisjå-stemning i heile byen...

Bålfest, ja....
Oppe i gata skal dei brenne bestefar sitt gamle piano. Frontdekselet er borte, det har ikkje sett ein pianostemmar i årevis og bestefar har ikkje plass lenger...

- Ti pund!
- Du får det for ti pund!
Ivrige ungar bryner salstalent - og den som hadde hatt plass og fagkunnskap eller peeng til reparasjon og kunne bladd opp ein tiar og berga instrumentet.. Stemt av surt novembervær kling strengene i dissonans - den som i det minste kunne trylle musikk ut av det og gje ungeflokken litt respekt for det det ein gong var...

Ikkje for det, eg unner gjerne ungane frå kommuneblokkene ein bålfest. Engelsk 60-talshusbygging er dårlege murer kamuflert med tapet og vegg-til-vegg og dører som dett ut av karmen. Kommuneblokker er ikkje det som inspirerar folk til vedlikehald - dei huser nok mange draumar om ein betre bustad, men stort sett i form av "rehousing" til eit betre kommunalt husvære, med tilhøyrande motvilje mot å bruke sine eigne peeng på vedlikehald av noverande bustad..