Date sent: Fri, 11 Aug 2000 04:15:01 +0200

Å prøve å lære skrive det japanske alfabetet syner seg å vera god oppvarming til hardingfeleøving! Det gjev mjuke og detalj-vare fingre der konsentrasjonen gror som varme røter gjennom ledda. Er det rytmer frå japanske teikn som brått gjer slåtten meir presis?

Kulturuttrykk frå kvar sin side av kloden, sju timer tidsskilje... Men for kroppen er visst ikkje spranget frå sa-shi-su-se-så til "Ola Vassend" så stort likevel - det dreier seg om fingermotorikk, varm muskulatur og konsentrasjon. Tanken finn tilsist også ein slags ide- tråd frå alfabetet til slåtten: båe deler er kommunikasjon menneske imellom. Kommunikasjon med varme hender...