Nettsidene oppdatert!

Her på sidene har det knapt skjedd eit slag på lenge - mest på grunn av at jobben bruker opp mesteparten av datatida mi, men det er travelt på andre område og. Det var dessutan for slitsamt i lengden å oppdatere sidene manuelt. Prøvde på å laga eit "blog"-system for oppdatering - har arbeidd meg gjennom eit par-tre utkast, både database-basert og XML-basert, men det vart alder så enkelt og elegant som eg ville ha det. Dessutan ville eg alltid endre design og struktur på nettsidene samstundes - det ville bli for mye jobb...

Vel, endeleg er arbeidet i hamn. Det enklaste "blog"-systemet eg kunne skrive er oppe og går, mange sider er oppdatert eller gjort ferdig. Under dans er det lagt til ei side som let deg evaluere danseskulen din. Heile nettstaden brukar innhaldsforhandling (content-negotiation) for å gje deg norsk eller engelsk automatisk. Den prøver også å tilpasse seg nettlesaren din og servere PNG eller GIF grafikk alt etter appetitt. Velkomen til den nye versjonen av hallvord.com (orsak det du kjem over av midlertidige problemer)!

Comments

Add commentAdd comment