Londonbrev |
---|
Da eg starta ved London Contemporary Dance School, gjekk masse tid med til å skrive Epost til slekt og vener. Litt mindre regelmessig enn dagboksnotat, likevel er det ein slags krønike over livet mitt som fersk dansestudent i London hausten og vinteren 1998-99.
Ein del brev er lett redigert. Likevel er det ikkje alltid eg endrer stader der eg seinare har skifta meining. "Kom senerehen til andre resultater"... Det er ikkje alle brev som er like gode, og dersom noko er ekstra uklart, kan det gjerne forklarast med ein titt på kva klokkeslett brevet vart sendt... Trur at breva også finn seg ei slags form etterkvart. Det er ein slags miks av minner, opplevingar og småfilosofering... Skal prøve å forklare familiereferanser o.l. undervegs.
|