Londonbrev

Brev: 8
Emne: Pr. Sykkel
Dato: 03 November 1998 22:56
I dag armerte eg meg med mi kjære "London A-Z" kartbok, og kasta meg ut i det store "sykle til skulen"-prosjektet. Her skulle pengane sparest!! Vi sykler med freidig mot, osv. Dessutan rusta eg meg med eit handkle godt stappa inn i munnen, mot eksosen...

Og eg fann ut at det stort sett ikkje er så ille å sykle i London som ryktet vil ha det til. Dvs. gjennomfartsgatene er eksosiske, trafikkfylte og kaotiske - men om du kjem eitt kvartal unna, er det fredelege smågater og fresk luft. Vel, det er kanskje ikkje gater ein ville brukt om kvelden, men midt på lyse dagen skulle det vera trygt.

Sjølvsagt er det ei bakside ved bakgatene - det at dei ikkje går rett mot Elephant&Castle, Waterloo eller Kings Cross. Londons snirklete geografi var til tider nervepirrande. Fantastiske, oversiktlege Oslo, der du er på høgre eller venstre side av Akerselva og innanfor eller utanfor ring 2 og 3...

"London A-Z" var absolutt nødvendig, som vanleg.

Trur det berre er ein "geografi" som er meir kaotisk enn London, og det er HOFTA. Vi går alle saman rundt med det mest fantastiske kaos av muskulatur og sener, i kryss og tvers og hengekøyeform.

Men hofta har i alle fall den gode sida at vi har adduktorar og abduktorar, musklene på inn- og utsida, som sørger for stabilitet mot vingling frå side til side. Det manglar sykkelen...

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste