Londonbrev

Brev: 4
Emne: La bouree d'Achille
Dato: 08 October 1998 22:22


Hei alle saman!

Vi har ein musikklærar som er musikar. Jeremy Barlow leiar eit kammermusikkensemble som har spelt inn 13 CDar med barokkmusikk!! Han har jobba i Sverige, og - i Sinfoniahljómsveit Islands !!!! Da han kom og fortalte meg at han hadde bodd eitt år i Reykjavik, (aner ikkje kven som hadde fortalt han at eg hadde bodd på Island), og sa namnet på orkesteret, var det som dei to islandske orda skrudde hjernen min over på islandsk.

KLIKK - så kunne eg ikkje snakke engelsk, blanda inn masse islandske ord - for eg hørte ikkje kva som var engelsk og kva som var islandsk før orda var sagt..

Men dette var ein digresjon. Eigentleg skulle eg fortelje om ein time vi hadde gjestepedagog: Jennifer Shennan var eit lite fyrverkeri, kanskje i femtiårsalderen. Ho var frå New Zealand.

Det er ikkje lett å fange dama i ei skildring. "Tettfibra" er eitt ord eg fekk lyst til å bruke, men eg veit ikkje om nokon skjønner kva eg vil ha fram. Jo: intensiteten, nærværet. Store dansarar har dette udefinerbare, at det verkar som om dei har høgare masse enn alle andre, du skal kunne merke energien som om det var eit langt større menneske som sto der..

Nå var ikkje Jennifer det ein umiddelbart tenkjer på ved ordet dansar. Ho var innkalt til klassa for å lære oss å skilje ein menuettrytme frå ein bourree, ein bourree frå ein sarabande, ein sarabande frå in vals... Og i tillegg fekk vi Beauchamp/Feuillet-notasjon frå Solkongen sitt hoff.

Ludvig XIV var nemleg så glad i dans at han forlangte eit system for å skrive ned dansane. Og for eit system! Ikkje det at det er så avansert, for dei brukte knapt armar, så dei trengte berre å notere stega. Men dansemeisteren i Versaille starta med å teikne opp mønsteret dei skulle gå etter på golvet. Og det er brosje-aktige, snodde mønster, fantastisk dekorative!

Elles fekk vi sjå faksimile av den engelske dansesamlinga som dukka opp på New Zealand (!) for ti år sida, og kunne mimre om tida da "alle" kunne lesa denne dansenotasjonen, og kjøpte den nyaste dansen som skillingstrykk på hjørnet... Og i dag, sukka Jennifer, er det Fotballresultata alle kjøper på hjørnet.. "Framskritt!"

Fredag om ei veke skal dei ta opp film i stua her. Slik er det å houseshare med filmstudentar... (Orsak anglisismen...)

--

Hallvord Reiar
LYKKA ER 
Å HA EIN GOD
FYSIOTERAPEUT

(o)
 )/
/

Førre

Neste