Londonbrev

Brev: 2
Emne: Pedagog og pianist
Dato:25 September 1998 22:19

Hei, venner & kjende!
Ein skole er ikkje betre enn pedagogane som arbeider der. Eg har dei beste danse- pedagogane eg har hatt i mitt liv, men av pedagogane i teorifag, er nokre litt meir venstrehands- utplukka..

Men det er jo fleire som preger ein dansetime: pianomenn (og -damer). Der er det mange typer.........:

Vi har t.d. pianisten som syng med... For å hjelpe til litt, hender det at han syng tellinga: "And one and a two and a three and a four..."

Vi har nokre som bruker noter (alle dei andre improviserer, dei er fantastiske!), ei har vist enkevalsen som favoritt, for den brukar ho å starte timane med.

Skal ikkje glømme han som sit med huet nede i tangentene, eller han som finn på å sende ei gruppe ut på tur over golvet med å dra armen nedover alle tangentane frå toppen - veldig effektivt. Mine favoritter er Scott (som modernelæraren kallar "Sir" og klassisklærarinna "darling"...), og Miuky (?), liten asiat som kan improvisere reint Grieg-aktig. Alle på skulen har lyst til å lære seg pianospelling, men ein får jo aller tid til alt..
See you - Sj`aumst!
--

Hallvord Reiar
LYKKA ER 
Å HA EIN GOD
FYSIOTERAPEUT

(o)
 )/
/

Førre

Neste