Londonbrev

Brev: 19
Emne: Speil
Dato: 20 Mar 1999 00:49:58
Kommentar:
Dette brevet vart litt dunkelt etterkvart. Eg burde ikkje skrive Epost for seint på natta!
Diktet av Simon Parsons kan tolkast i ulike retningar. Det er veldig relevant for dansarar, som absolutt må lære "the significance of their images in a mirror". Men eg trur det også ligg noko i å tolke "speil" som sjølbilete. Det er på nytt relevant for oss, som må takle konfrontasjon med speila kvar dag, med "opent visir"...
Siste veke har frista oss til ein lett vri på The Bard himself:

"- Did my body train til now? Forswear it, sight.
For never I saw true exhaustion til this night."

I dag var klassa så kollektivt sliten at vår fantastiske modernelærar Mary utbraut: "You are ALL so much stronger - am I the ONLY ONE capable of feeling enthusiastic about this?"

Teknikk-klasser (moderne og ballett), og prosjektarbeid er det einaste som er på timeplanen desse siste dagane før påskeferien. Gruppa mi jobber med dans og tekst som prosjektoppgåve, det skal opp til intern framføring før påske, men til no er det berre dei store speil-veggane på the Place som ser oss. Og det er ille nok, for dei er nådelause tilskodarar. På golvet står det ein balansert og plassert dansar, i speilet står det ein figur og slepp magen ut...
Dei er der for å innbille oss at vi KAN sjå oss sjøl slik andre ser oss. Som om det går ann. Men slik dominerer dei livet vårt.

På torsdag sat eg på bussen forbi King's College Hospital, og såg plutseleg forsida på ein sjukebil med ordet "ambulance" speilvendt. Det er jo sjølsagt for at folk skal kunne lesa det i sladrespeilet, men det fyrste eg tenkte, var: "Hjelp! Eg lever faktisk i eit speil."

Plutseleg var det ikkje så lite logisk i tanken. Til dømes dette med å køyre på feil side av vegen.. Det gjer på ein måte aust til vest for meg, kvar gong eg skal orientere meg i London, må eg snu mitt mentale kart 180 gradar pa grunn av den speilvendte trafikken.

Kanskje det også forklarer det rare fenomenet som heiter "Red Nose Day". Engelskmenn er så redde for å skilje seg frå dei andre, at dei har sett av ein dag i året til galskap, påskotet er innsamling til organisasjonen "Comic Relief". Og engelskmenna dummer seg pliktoppfyllande ut, avdi naboen gjer det, og prøver å ikkje syne at dei helst ville synke i jorda. For ei speilvendt folkeferd! Og i busstabellane står det på London Transport-engelsk om busser kvart 6-7. minutt. Det tyder at 5 busser kjem pent på rad kvar halve time...

Brått knytta det heile seg til eit dikt vi jobber med i prosjektet, truleg dikta enten på hospitalet til høgre eller rett oppe i bakken, til venstre for bussen:

To learn the significance
of their images in a mirror
as images of themselves
in a mirror failing

To learn the significance
of themselves as images
failing in a mirror

Og her glir indre og ytre speil ein kan mislykkast i saman, i dette Simon Parsons-diktet fra eit land som er så fullt av båe deler...

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom. Og en merkelig, innviklet vev. Den tanken som tumlet der inne, kom kanskje ikke helt fram da jeg skrev.... Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste