Londonbrev

Brev: 17
Emne: Dans???
Dato: 19 Feb 1999 00:13:52
Kommentar:
Dette brevet kjem inn på generelle sider ved dansetreninga. Det er av dei som er skrivne litt utpå natta, og er ikkje heilt samansydd. Når eg kjem inn på kva som er "verst", meiner eg "vanskeleg".
Teknikk, ja...

Veit ikkje om nokon har definert ordet "teknikk" om dans, det går vel ut på mest mogleg effektiv muskelbruk.

Vi treng ikkje definisjon. Teknikk er kunsta å overleve med så få skader som mogleg. Teknikk er instinktet som skal verne deg når du er for sliten til å sanse kva du gjer. Essensielt i ein jobb der 85% opplever ein skade i løpet av eit år.

Det verste er å leggje bort alle påskot for å ikkje gje 100%, det nødvendige sjøl-pushet.

Nei, det verste er å innsjå at ting du har gjort i 10 år ikkje nødvendigvis er ting du kan. Vi starter frå botnen att med jamne mellomrom, og tek det roleg, roleg. Og hugs på å bruke turn-out muskler og halde magen og rotere skulderblada sakte utover og lyfte brystkassa like masse foran og bak og slappe av i tærne og framsida av leggjen utan å heise skuldra og ikkje gløyme å puste og holde pelvis rett i alle retninger og hugse koreografien og leggje til ein liten, kunstnerisk detalj av innleving og vite kvar du skal sjå. Og gjera alt anatomisk korrekt.

Anatomi er skrekkfaget. "The gory details", som var kjære lærar kallar det, går rett inn i våre skremte nerver. Timen om kneet vakla det ein flokk kvalme studentar ut frå - det var langt verre enn då vi såg ein bit av "Scream 2" i timen om horrorfilm. Skadene er ein del av livet vårt, ein bit av pakka, fire-fem uheldige sitt langs veggene og minner oss om alt som kan gå gæernt, fire til dropper ut når vi startar med hoppinga. "Isn't it terrible that we only have one body!" utbraut ein medstudent spontant. Ja, det er skummelt.

Så kvar er dansen i all denne teknikken?

Inni der ein plass gøymer det seg stunder då det berre er meg og dansen. Når vi trener til vi ser små stjerner, og enda ei stund, da held teknikken deg, og dansen kan få fokus...

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

Førre

Neste