Londonbrev

Brev: 15
Emne: Man tager...
Dato: 16 Januar 1999 23:13
Kommentar:
Her manglar førebels ei skildring av innbrotet vi hadde rett før jul. Sendte så mange småbrev om det, at eg ikkje ville skildre det i fellesbrev.
Omtalte PC tilhøyrer Ingebjørg Tale ("Tali"), tanta mi. Da eg kom att etter jul, hadde Mart gjømt PCen i tilfelle tjuven skulle koma att, eg visste ikkje om det, og trudde at PCen var borte for godt...
I oppskrifta glømte eg bønnene, ein hermetisk boks med slike bønner som her borte heiter "Red Kidney Beans".
Det kjem ulike dagar.

Dagar med sjukdom, dagar med nerver for den PCen som kanskje var stolen og alt arbeidet som kunne gått tapt med han. Dagar som er fulle av eit overskot frå mystiske kjelder, dagar da sjukdom liksom ikkje kan hindre deg (og PC-forsvinninga er oppklart, så filmmanuset til Ingebjørg er sikkert.). Den dagen ein må feire at huepina er mindre med å leggje beina oppe i vasken og huet nede i badekaret, til kroppen blir overmanna av det overstadig komiske i stillinga og liksom ikkje kan slutte å le av sjølve fornemmelsen.

Frå den dagen kjem denne suppa. Oppskrifta er kanskje ikkje fullstendig, så litt fantasering er ikkje ulovleg.

Man tager:

  • 1 lauk
  • 1 persillerot
  • "Mennesket" av Henrik Wergeland
  • 1 buljongterning (kjøttsmak)
  • Lime-juice
  • 3 poteter (mellomsmå)
  • Tøy å røre seg i
  • Gulerot (2?)
  • Krydder av ymse slag

Dessutan treng du ei kjøkkenmaskin. Mi er oppkalt etter Kalmar-dronninga Margrethe, men det vart litt for majestetisk for kjøkkenet, så vi måtte leggje til "tante". Effektiv dame.

Hakk buljongterningen, lauken og persillerota i ei lokal Margrete, og slå opp på "Jordens Liv", det store diktet om skapelsen.

(Tante var litt for effektiv for meg, så lauken og persillerota vart litt meir finkorna enn planlagt. Det skal vera litt grovt.)

Slå oppi noko lime-jus, 4spsk+/-, samt krydder som pepper, persille, merian, litt rosmarin. Bland godt og start høgtlesing av "Abiriel! Ånd!..."

Tørk lauktårene og smelt litt smør i ei gryte. Steik laukblandinga, rør litt så buljongen ikkje legg seg ved i botnen.

Sennepsfrø i retten skal hjelpe mot luft i magen.

Når det har stekt litt, har du i eit par krus vatten og skrur ned plata. Improviser ein liten dansesekvens mellom kjøkkeninventaret, alt etter plass og føreforhold.

Hakk opp gulerota og potetene, og kok det til det er mørt. Dermed har du litt meir til til å la deg overfalle av rørsler, og fortsetje med Wergelandlesinga:

"Snart denne unge klode vil juble
skyldløsest med i verdnenes kor.
Snart vil dens hjerte begynne å slå
heftig og varmt som innelukt flamme.
Skyenes øyenlokk ville briste,
solstrålen gjennom dem jordkloden nå."

Men pass på så det ikkje er eit anna lokk som brister, så dei solstrålene som "ned har steget i den rike muld, og stiger opp igjen i grønne planter" (i dette tilfelle i grønnsaker), ikkje hamnar på komfyren under dansen. For av ein eller annan grunn er kjøkkenet det mest inspirerande rommet å danse i i eit hus, kanskje det kjennest at det er laga for kreativitet.

Under ei slik utfalding av kreative evner, veit du i alle fall at det har vori ein dag av dei mystisk overskotsprega...

Kva gjer det vel at det så kjem andre dagar, når ein har brukt fullt ut det denne dagen gav?

--

Hallvord Reiar, London
http://www.geocities.com/Athens/Ithaca/5130/

Et menneskesinn er et verdensrom.
Og en merkelig, innviklet vev.
Den tanken som tumlet der inne, kom
kanskje ikke helt fram da jeg skrev....

Men du har da iallfall fått brev!

E.S.: Suppa er god!

Førre

Neste