Londonbrev |
---|
Brev:
13
Emne: Natteliv og ønskeliste Dato: 10 Desember 1998 22:48 |
Når London går meg imot - og det unnlater den ikke ofte å gjøre når dertil gives anledning....... For å sitere Asbjørnsen litt fritt. Men eventyrsamlaren hadde
Akerselva å fiske i, når verden gikk han imot, eg har "berre" Themsen, og det ikkje heilt det same, sjøl om det visst er fisk der. Så når London går meg i mot, er det
ikkje stort anna å foreta seg enn å ønske seg ditt og datt:
Kjære Julenissen, eller St. Claus for å tute med dei unger som er ute heromkring! Det er jo ikkje alt du kan gjera noko med her, men du får sjå kva du kan få til!:
Nattelivet her i London er VILT - fisken har det sikkert brukbart i Themsen, og her oppe på land har vi masse rever!! Ser dei kvar einaste kveld eg er seint ute. Dessutan er fuglane her både døgn- og årstidsville, så 2-3-tida om natta høyrest ut som ein vårkveld på Skreisjå. Ekorna er overalt. Det er ikkje akkurat julestemning i det, men det er stemning i alle fall... Til å leve på. Men vi har ein liten sveits/skandinavisk saknesnøklubb på skulen. I morra er det Lucia, det skal bli moro! PS. Nå tennes tusen julelys ER svensk! Det er altså dei som står for eksporten.... --
|