hallvord.com (no) http://www.hallvord.com/ news@hallvord.com RSS feed for Hallvord.com (no) Alf-Eivind om Vesle-Hans /blog/2008/July/AlfEivindOmVesleHans.no.htm<[[CDATA[

Alf-Eivind er glad i høgtlesing og eventyr - i alle fall dei som ikkje er "for skummelt". Litt over tre år har han ingen problem med lange, kompliserte historier som Den grønne votten, Tommelise, Grantreet - og til og med eventyret over alle eventyr: Snedronningen! Det siste var sjølv far imponert over at han tok så godt imot.

Ein dag han var litt under tre og eit halvt år (lydfila er datert 6. mars 2008) hørte eg han fortelje sjølv - ei lang historie om ei teikning med mange streker og krusedullar på. Det dreide seg om Vesle-Hans (Wergeland-diktet han har sett på dokketeater) og etter kvart mange andre eventyr- og fantasi-skikkelser. Heldigvis klarte eg å få eit opptak av noko som likna - kan hende ikkje med same flyt og progresjon som før opptaksutstyret kom fram, men like fullt eit fantastisk glimt av rik, eventyr-nært barne-fantasi. Under er det transkripsjon, du kan og lytte til sjølve opptaket (merk at det tek litt tid å laste ned).

Transkripsjon av AEK sitt eventyr om Vesle-Hans - han referer stadig til teikninga si:

Der står det Vesle-Hans, og der står det kona til Vesle-Hans. Det er brevet mitt.

- hva gjorde VH da?

- Han finna en liten bjørn-unge, og liten bjørne-løve-unge.

- bjørne-løve-unge?

- Ja!

- Oi. Ble han redd da?

- Nei. Den var.. da .. da si bjørnungen.. da sier bjørnungen.. da sier bjørnungen INGENTING!

- Han sa ingenting?

- Nei. da sier bjørnungen ingenting. Og da hørte ikke han noe. Men da var han litt til.. da måtte han gå til skogen og finne kvist, og den stygge andungen.

- Fant han den stygge andungen også i skogen?

- Ja. Og da fant han kvister til bestemor. Som fløy ned. Men da kom han til reven. Og da kom han til lille bjørnungen og da kom han til lille bjørneløven.

- Traff han mange flere dyr da?

- Ja. Men han møtte en kantsasse.

- Kantsasse?

- Den heter kantsasse.

- Er kantsasse et dyr?

- Nei. Nå skal jeg skrive den der høyre, høyre. Sånn. Da møtte han en kantsasse som var til å leke med. Han leker med mange leker. Da gått han igjen. Da ropte han til den stygge andungen, vet du. Så da var den stygge andungen glad da han ropte på han der stygge andungen. Men da måtte stygge andungen gå til bestemors hus. Der står det bestemor sitt hus og der står det bestemor og der står det Vesle-Hans og der står det den lille bjørnungen og der står det løven som falt ned i trappene som var stor. Og da var Tommelise redd når den lille bjørnungen - som sa den var fin. Så det var den lille bjørnungen som falt ned i lille trappene som var til å skli ned. Og da var også Tommelise med. Så Tommelise sklir og sklir nedover trappene. Og da var .. men det var en gammal snille julenisse som også sklir.

Og da var hele skogen full av trær, på snøen på kvisten. Da møtte han en lite kone. Det var en gammel en, det var kona til Vesle Hans det. Det var som bor .. hun bor der på Vesle Hans sitt hus. Og hun bor sitt hus. Der står det bestemor sin hus til Vesle Hans. Og der står det til .. til .. brev til Matja Dise. Til Olafur Gunnar. Til Matja Dise. Det var sant. Da får jeg brette den.

]]>
Sat, 19 Jul 2008 01:33:48 +0200
Wergeland for Liv Riiser /blog/2008/June/WergelandForLivRiiser.no.htm<[[CDATA[

I kommentaren Wergeland for hvermann i Vårt Land skriv Liv Riiser:

Den fine med Wergeland-året slik det er feiret til nå, er at det henter ham ut av Suttungenes favn. All ære til den idealistiske bevegelsen for at de har varmet ham ved sin arne når ingen andre har brydd seg om ham, men de har også tatt patent på ham, og kledd ham i husflid og fotformsko – som passer ham dårlig.

Det er alltid interessant når andre menneske kjem til å røpe fordomane sine... At Suttung skulle dreie seg om husflid og fotformsko er ganske nytt for meg!

Men det fine med mangfaldet i Wergelandåret er at i år ser sjølv ein kulturjournalist Wergelands-interesse også utanfor Suttung, og det er jo positivt. Så får vi heller gå og lure på hen husfliden kom inn i biletet og åssen tøy Liv Riiser sin Wergeland er iført..

]]>
Mon, 02 Jun 2008 00:39:18 +0200
Smaken av ugrasklokke /blog/2008/June/SmakenAvUgrasklokke.no.htm<[[CDATA[

Litt luking i dag resulterte i ein overraskande stor bunt solide rotknoller av ugrasklokke (Campanula rapunculoides). Det vert sagt at knollene let seg eta, så kvifor ikkje prøve..?

Dagens kulinariske overrasking var at rå ugrasklokkerøtter er kjempegodt! Vaska og lett skrelt har du kvite, sprø røtter med søt, litt nøtteaktig smak. Det minte meg faktisk om "gobon", min favorittgrønsak i Japan. Prøv det sjølv!

]]>
Mon, 02 Jun 2008 00:02:15 +0200
Helland og "Blomsterstykket" /blog/2008/May/HellandOgBlomsterstykket.no.htm<[[CDATA[

Frode Helland har skrive ei analyse av Jan van Huysums blomsterstykke med tittelen Voldens blomster? Henrik Wergelands Blomsterstykke i estetikkhistorisk lys (Universitetsforlaget 2003). Denne nye analysa av eit av Wergelands viktigaste verk har mange sterke og interessante moment, spesielt der Helland syner oss konteksta og korleis verket skriv seg inn i ein større debatt om tilhøvet mellom tekst og måleri, og kunst og røyndom.

Eit par punkt har eg lyst til å kommentere.

På side 158 kommenterar Helland strofa der eg-personen ser "lengst hendøde elskerinders ansiktstræk" i blomsterbuketten. Han ser ut til å umiddelbart lesa inn det moderne innhaldet i ordet "elskerinne" og assosierar seg dermed fram til at det må dreie seg om prostituerte som eg-personen har hatt omgang med.

Utan å ha anna belegg for dette enn lesing av gamle bøker i originalversjon innbiller eg meg at ordparet "elskar" og "elskarinne" må ha skifta tyding over tid. I eldre danske utgåver av Dickens-bøker kan ein finne ordet "elskar" der forfattaren nokså klart vil indikere eit reint platonsk - og ofte ikkje eingong gjensidig - forhold. Sjå til dømes "Lille Dorrit", der "Lille Dorrits elsker" rett og slett er ein gut som er avstandsforelska i Dorrit utan at ho er klar over kjenslene hans. Eg trur dermed at ettersom seksualitet vart sterkare representert i offentleg diskurs, har tydinga "sexpartnar" på sett og vis kolonisert ordet "elskar" og er i dag ei nær einerådande tolking. Vi kan og merke oss at same prosess må ha skjedd på engelsk med substantivet "lover".

Dette har sjølvsagt hend etter Wergeland og Dickens sin epoke. Dermed ville eg stilt spørsmålsteikn ved om Wergeland sin ordbruk her er så eintydig som Helland tek for gitt. For meg står formuleringa som eit reint forvarsel om "historia i historia" - kjærleiks-skjebnene til dei tre jentene Narcissa / Klara / Katarina i delen "Den hollandske familie", og "elskerinder" kan i høve til datidas ordbruk lesast som "forelska kvinner" utan at det framgår om det er eg-personen eller andre dei elskar.

Eg har sans for tolkinga om at Blomsterstykket diskuterar i kor stor grad den forming og stilisering som skjer i ein kunstnerisk prosess er overgrep mot naturen/livet. (Ettersom eg personleg skriv dette stiv og støl og med blåmerker etter danse-øving ville det også vera vanskeleg å påstå anna enn at sjølve stiliseringsprosessen som ligg i dei fleste uttrykksformat kan vera nokså brutal. Kan hende i aller størst grad i dans og sport der utøvarane må tilpasse og stilisere sine eigne rørsler og kropp.)

Men Helland tolker all vold i teksta i same retning. Det ser ut som han meiner Wergeland uttrykkjer (omenn med ein viss ambivalens) at vald og til og med krig var nødvendig for at kunsten skulle bli til, og dermed bortimot rettferdiggjort i det estetiske kunstverket.

kunstnerisk skaperkraft, begeistring og ødeleggelse kobles sammen. Snarere enn å vokse ut av en harmonisk og eksaltert samklang med altet, ligger voldelige overgrep mot uskyldige til grunn for kunsten. (s. 172)

Dermed går han glipp av ei mogleg tolking på "makro-nivå" og lesinga hans kan bli litt meir "nærsynt" enn nødvendig. For teksta har og eit lag om tilhøvet mellom smerte/liding og kunst. På dette planet ser Wergeland ut til å undersøke det tilsynelatande paradokset i at eit land som hadde gjennomgått ein grusom religionskrig dyrkar det fredlege, estetiske blomstermaleriet, og han les ein terapeutisk effekt som kan forklare dette paradokset inn i maleriet.

Det er to paralelle tilfelle av valdsbruk, det eine er krigen og overfallet på landsbyen og det andre at van Hyusum tek gamle Adrian sine blomar. Det andre vert eksplisitt rettferdiggjort ved "forsoningståren" mot slutten. Wergeland kan prøve å uttrykke at kunsten har ein terapeutisk effekt ved å bearbeide sorg og liding som krigen har påført gamle Adrian.

]]>
Tue, 13 May 2008 01:06:10 +0200
Interessant artikkel om barneoppseding /blog/2008/April/InteressantArtikkelOmBarneoppseding.no.htm<[[CDATA[

Learning to lie (utskriftsversjon med mindre reklame) gav meg ein del aha-opplevingar og stadfesta somme tankar og meiningar eg har hatt om barneoppseding. Sjå desse interessante utdraga (alle frå artikkelen og omsett av meg):

Ein gjennomsnittleg tenåring i Pennsylvania ville vera 244% meir tilbøyeleg til å ljuge om kva dei har gjort enn til å protestere mot ein regel. Men i familier der det var mindre løgn var det langt meir diskusjon og klager. Krangling gjorde det enklare å vera ærleg. Somme typer krangel - trass i konfliktnivået - er til sjuande og sist teikn på respekt, ikkje mangel på respekt.

Men dei fleste foreldre skiller ikkje mellom respektfull og respektlaus krangling. (...) 46% av mødre meinte at krangling med ungane øydela relasjonen mellom dei. Å bli utfordra i diskusjon var stressande, kaotisk og opplevd som respektlaust. (...) Men berre 23% av ungdommen følte det slik. Dei meinte heller at krangling styrka forholdet. "Måten dei oppfatter krangel på var verkeleg avansert, langt meir nyansert enn vi hadde forventa av tenåringar," kommenterar Holmes. "Dei ser krangel som ein måte å lære foreldrene å kjenne på, å få motparten sine synspunkt artikulert."

Og:

"Mange foreldre i dag trur at den beste måten å få barn til å ljuge mindre og vera meir opne mot foreldra er å tillate meire og ha mindre reglar" seier Darling. Foreldre innbiller seg at det er ein konflikt mellom å vera informert om barnet sitt liv, og vera streng. Betre å få vita sanninga og kunne hjelpe enn å vera uvitande.

Men Darling fann ut at foreldre som set få reglar faktisk ikkje lærer meir om kva barna eigentleg gjer. (...) At for mange reglar skal føre til ungdomsopprør var ei slags statistisk myte.

..pluss:

"Den typen foreldre som er mest gjennomført i handheving av reglar er dei som er varmast og har flest samtaler med barna," har Darling merka seg. Dei har sett reglar på visse område, forklart grunnen, og forventar at barnet følger opp. På andre område støttar dei oppunder retten til å taka eigne val. Barn av slike foreldre lyg minst. Heller enn å skjule informasjon om tolv områder av livet sitt kunne dei skjule så få som fem.

Mine to konklusjoner av artikkelen:

  1. Barn treng - i eit nøtteskal - omsorgsfull autoritet. (Trur eg sjølv med fordel kan jobbe litt meir med det siste.. det fell ikkje heilt naturleg for meg å vera streng..). Ein skal ikkje vera redd for å vera streng så lenge du følger prinsipp det er viktig for deg å lære barnet (t.d. "ikkje plag dyr" eller "ikkje skrik når mor har vondt i hovudet") OG kan å syne omsorg.
  2. Du skal aldri lyge for barn. Ikkje ein gong for å prøve å få det til å oppføre seg.

(Merk at løgn og fantasi er to ulike ting. Å seie "om du ikkje et opp maten din kjem ikkje tante på besøk" er sannsynlegvis løgn. Eventyrforteljing er fantasi.)

]]>
Sun, 13 Apr 2008 00:38:01 +0200
Translucid irritasjon /blog/2008/April/TranslucidIrritasjon.no.htm<[[CDATA[

Dette artikkelen om nettside-styringssystemet Translucid er diverre berre tilgjengeleg på engelsk. Klikk flagget til høgre for å sjå den engelske versjonen.

]]>
Wed, 09 Apr 2008 23:18:00 +0200
Syn på reklame og barn i Noreg og Japan /blog/2008/April/SynPaaReklameOgBarnINoregOgJapan.no.htm<[[CDATA[

Det er mange åpenbare skilnader mellom to så ulike land som Noreg og Japan. Men det hender at det tek lang tid å oppdage dei interessante skilnadene..

I Japan opptrer det ein figur ved namn Ampanman, ein slags kake-mann med boble-fjes og teikneserieaktig framtoning. Han er overalt: på barne-tannbørstar og -tannkrem, på ballar og leiketøy, på trehjuls-syklar, i bøker og på det elektroniske alfabetopplærings-brettet som kan uttale den bokstaven du trykka på.

Det slo meg som rart at foreldre ikkje var negative til reklame-bruken av denne figuren. Faktisk lærer dei ungene namnet hans, kjøper leikene og gjer han til ein naturleg del av barnekulturen.

Dette er unaturleg for meg, som kjem frå eit land med Europas strengaste regelverk for reklame retta mot barn:

Reklame for barneprodukt er ulovleg på fjernsyn og i radio.

Anna reklame retta mot barn er lovleg men regulert av Forbrukerombudet ut i frå prinsipp som at

det skal være lett å skille reklame fra annet stoff og at en ikke skal utnytte barn og unges påvirkelighet, godtroenhet, tillit og manglende erfaring i kommersiell hensikt.

Å bruke ein teikneseriefigur til å selja tannkrem ville klart vera med å viske ut skilnaden mellom reklame og anna innhald, så eg rekner med at det ville vera ulovleg i Noreg. Forbrukarombodet publiserar detaljerte forskrifter (pdf) som også inneheld ei liste over tilfelle der store og små firma har fått bøter eller vart pålagd å stoppe ein kampanje etter at ombodsmannen fann at dei braut retningslinene.

Ideelt sett er lover basert på det samfunnet vurderar som viktig - og vil gjerne forsterke dei haldningane som lova byggjer på. Derfor engstar eg meg meir over kommersiell påverknad på barn enn japanske foreldre, og for meg er dette ein veldig subtil og interessant skilnad på norsk og japansk levesett - det påverkar verkeleg livsmønster og -oppleving i dei to landa.

]]>
Wed, 09 Apr 2008 11:48:55 +0200
Hotell-tanke /blog/2008/April/Hotelltanke.no.htm<[[CDATA[

Overnatta på Hotell Nikko, Kansai flyplass, Osaka før flyturen til Oslo. Det er praktisk med flyplass-hotell. Det er meir komfortabelt enn alle nettene eg har brukt i avgangshallen på Stanstead flyplass med PCen som pute..

Men fasjonable hotell med marmor og juggel er ikkje mitt element - det kjennest som om omgjevnaden kan påvirke meg, sakte men sikkert kan gjera meg til ein person som ikkje bruker verda forsiktig. Og det er ein ubehageleg tanke.

]]>
Tue, 08 Apr 2008 21:41:37 +0200