Vellykka kappleik - men: Quo Vadis?

Kvar går Landskappleiken?

Ordet suksess vart bruka etter Landskappleiken på Oppdal, etter at 1200 deltakarar hadde tevla i 44 klasser, tilrettelagt av 450 dugnadsivrige medhjelparar – og det meste punktleg etter tidsplanen! Det einaste folk sakna, var "buskspelet", det uorganiserte nattespelet i telt og kratt. "Alle vil ha buskspel, men ingen driv med det," heitte det.

Ein grunn kan vera det stramme tidsskjemaet, det kan hende arrangementet rett og slett er for stort for dei få dagane det vert pressa inn på. Musikarar har korkje tid eller krefter att til buskspel, vart det hevda.

Men buskspelet er ikkje dødt! Det har berre "privatisert" seg: det er i stor grad flytta ut av det offentlege rom, og inn på kappleikshotellromma. Dermed er det utanfor rekkevidde for folk flest og tilfeldige passerande ei kappleiksnatt, flytta til "folkemusikkmenigheten" sine krinsar.

På Oppdal må nok arrangøren ta noko av skulda for dette, for det var til ei viss grad lagt opp til samling på hotellet utover natta. På andre arenaer kunne nattdansen slutte klokka eitt, medan hotellet held på til fire. Kvar folk går da, seier seg sjøl. Er dette for at det offisielle kappleikshotellet skal får ekstra sus i ølkranene? Kan arrangørane gjera noko for å få buskspelet ut i buskene att?

Den nye vrien på A-klassene på fele og hardingfele, "finalespel" som avgjorde rangeringa av dei tre beste, reagerte mange positivt på. Om det i denne omgangen hadde styrka mediainteressa, var uvisst, men arrangørane meinte at ein måtte sjå på det som eitt av fleire langsiktige tiltak for å gjera folkemusikken meir spennande. Dessutan var NKL si sponsing av kappleiken eit direkte resultat av finalespelet.

Dette er vel to døme på korleis media- og sponsorinteresse får stadig meir å seie for korleis kappleiksforma vert. Kvar går Landskappleiken framover?