Etter landskappleiken 2005

Bergstaden var ei fantastisk ramme for ein gjennomført landskappleik. Det er likevel nokre ting ein kunne ønske seg gjort på anna vis..

Glimt frå Røros

Fyrst og fremst, kvifor skal ein leggje populære publikums-magnetar som lausdans i ein mindre sal? Den som ikkje orkar å stå i kø får ikkje med seg halling-tevlinga. Det er klart det er mange populære tevlingar som kappar om tida på store-scenen, men alle A-klassene burde vera lagt i største hallen.

Det gjeld og vokal-klassa. Bergstadens Ziir var eit fantastisk lokale, men mindre eigna som tevlingsarena avdi publikum gjerne kjem og går i løpet av tevlinga.

Spelemannsbladet sitt håp om at samisk kultur og skulle setja eit preg på landskappleiken vart kanskje gjort til skamme? Eg la i alle fall ikkje merke til sør-samiske innslag. Det er ikkje sikkert samer kjenner landskappleiken som ein naturleg scene for seg sjølv om redaktøren i Spelemannsbladet vil sleppe dei til. Det heng saman med at publikum på eit slikt stemne som landskappleiken gjerne har høg kompetanse på nett den musikken som vert presentert. Vi har derimot lite kjennskap til samisk kultur.

Eg trur miljøet generelt er nysgjerrig og positivt innstilt, og med tida kan vi kanskje klare både å signalisere interesse og å lære meir. Men dersom ein vil bruke landskappleiken som møtestad krev det nok i dag større innsats enn eit fromt ønske på leiarplass i Spelemannsbladet. Ein må arrangere konsertar. Ein må tenkje over kvar samiske deltakarar skal utfalde seg - i åpen klasse eller med joik i vokal-klassa? Om samisk musikk skal inn i tevlingane treng ein domarar som kjenner samisk tradisjon. Og ein må nå ut til og invitere utøvarar. Dei kjem ikkje av seg sjølv - i alle fall ikkje i dag.