Folkeeventyr og origami

Hallvord Reiar og Harumi inviterer alle interesserte til folkeeventyr og papirbretting (origami) i Dovregata 5 kvar tysdag klokka 7.

Alle velkomne, gratis adgang. Ved spørsmål ring 21 65 62 13 eller skriv til eventyr@hallvord.com.


E-postliste: eventyrstund påminning

Skriv E-post adressa di:


Spørsmål og svar

Kvifor inviterer du til eventyrlesing og origami?
Vi har nettopp flytta hit og vil gjerne bli kjend med folk. Å invitere unger og foreldre i nærmiljøet til eventyrlesing og origami er dessutan eit kulturtiltak som vi kan starte med veldig små ressurser - ingen budsjett, ingen organisasjon, nesten ingen planlegging - så det let seg gjennomføre sjølv med veldig lite pengar og enno mindre tid til overs.
Er det for barn eller vaksne?
For alle som vil!
Vi har ikkje tid til å gå kvar tirsdag - må vi?
Kom når det passer. Det er ikkje nødvendig å koma kvar veke.
Varer det lenge?
Omtrent ein time, alt ettersom.
Er mine unger for små?
Det er ingen aldersgrense men sjølvsagt ein fordel om ungene er vant til å lytte til høgtlesing. Om du er i tvil: kom og sjå om det går bra.
Er det eit kristent tiltak?
Nei, det dreier seg om folkeeventyr, både norske og internasjonale. Vi kan ta med både kristne Jomfru Maria-eventyr og islam-prega historier frå tusen og ei natt. Eventyrvala inneber ikkje religiøs forkynning.
Er eventyra på nynorsk?
Dei fleste er på bokmål, somme på nynorsk eller dialekt. Mitt talemål er bokmålsnært.
Kjem det mange?
Ikkje enno..
Korleis vel du eventyr?
100% basert på eigen lytteerfaring - eg les eventyr som eg likte å lytte til nokså uavhengig av min vaksne vurdering av dei. Det hender at eventyr virker for voldelege for meg som vaksen men dersom det ikkje var mi oppleving som barn les vi det likevel.

Eventyrprogram

Dette er eventyra vi har planlagt å lesa. Det kan hende vi vel andre eventyr eller vel bort dei som står her..

Eventyrlesing 5. april 19:00

Eventyrlesing 12. april 19:00

Eventyrlesing 19. april 19:00

Eventyrlesing 26. april 19:00

Eventyrlesing 3. mai 19:00

Eventyrlesing 10. mai 19:00