Velkommen til Færøyene

Jo Strømgren Kompani presenterar eit farseaktig skråblikk på synsing utkledd som vitskap med denne forestillinga som er lagt opp som eit lysbileteforedrag om Færøyene med innlagte bidrag frå ein "autentisk" Færøying. Den "innfødde" vert stadig meir misnøgd med synsinga til forskaren og denne konflikta er det som driv stykkjet framover og skal halde publikum interesserte.

Denne forestillinga har ganske brått hamna i ein samanheng og ein større diskusjon som ho ikkje har vori skapt for og heller ikkje tek innover seg, nemleg debatten mellom Shabana Rehmann og Marianne Gullestad om tilhøvet mellom forskaren og studieobjekta - om objektivitet, kultur-respekt og -relativitet, om samfunnsrettar og menneskerettar. Denne debatten har sjøl på sitt mest forenklande synt kor komplekst problemfeltet er, og Strømgren sin sjablongmessige ufordragelege antropolog og sympatiske urinnvånar verker litt utdatert i etterdønningane av denne bataljen.

Når det er sagt, er stykkjet ei morosam og til tider treffande karrikering av Synsaren med stor S som gravalvorleg legg fram sine overfladiske misforståingar om eit samfunn som den store, objektive sanning. Sluttpoenget gjev ein litt beisk ettertanke: "forskaren" var langt frå det objektive sanningsvitne han enno tør å framstille seg som, og ein av dei sjablong-aktige modellane han har "studert" urinnvånarane etter syner seg å ha hatt djupt tragiske konsekvensar for dei han har studert: Utifrå ein ide om at Færøyske kvinner er undertrykte ser nok forskaren seg som den store riddaren som frir kvinna frå tvangen når han forfører ei kvinne.. og i det Strømgren set latteren fast i halsen på oss med å syne ektemannen si fortviling er forestillinga over.

Denne forestillinga er nok ikkje laga for å taka stilling i sommardebatten om kvinnefrigjering versus kulturell respekt. Ho dreier seg heller om farene ved overfladisk synsing - og sjølv om forskaren representerar det sjølvproklamerte objektive ideal er det neppe noko såkalla "anti-intellektuelt" å finne i forestillinga. Det dreier seg om faren ved å stole for sterkt på sine eigne grunne inntrykk i møte med andre kulturar.