Veggklatring og veltepetter

Har nettopp sett M.A. forestillinga til koreografistudentane ved KHiO og sitt og kjenner på etter-inntrykka.

Tre studentar synte tre ulike verk: Because you're worth it (Masja Abrahamsen), Et sted før eller etter (Ingri Midgaard Fiksdal) og Skrot og nupereller (Ingunn Bekkevoll Tarebø).

Minnene som sit att..

Masja - menneske i isolasjon med mange solo-parti og veldig fragmentert struktur. Fantastisk bruk av tau, svev, vegg til å klatre på. Inntrykk av litt usikker ekshibisjonisme, dansarane ville vel bli sett men konkurrerte i liten grad om scenerommet.

Ingri - humor med sang og snurrige innslag, kraftig partnararbeid og duettbruk. Slutten var fantastisk vakker, opna rommet oppover og fekk oss til å oppleve scenerommet i full høgde med eit lite grep.

Ingunn - koreografi full av artikulert energi, fantastisk rytme i duettarbeidet. Arbeidet var inspirert av bygdeliv i nær fortid. Tids-dimensjon som kom fram gjennom bruk av gamle foto, plankevegg som kulisse, kostymer, støv frå tøyet, lys og "veltepetter"-sykkel skapte faktisk eit "fullstendig" inntrykk som fungerte som ramme om dansen. Tids-studiet kom og fram gjennom det fysiske uttrykket - men heilt utan distanse eller karikering. Lyssettinga var genial, kulissene og. Tenkte avogtil at det ville vera interessant om musikken hadde meir lokale trekk også. Drengstu-musikk heller enn jazz..?

Comments

Add commentAdd comment


Fatal error: Uncaught Error: Call to undefined function mysql_connect() in /home/hallvors/hrdb.php:4 Stack trace: #0 /home/hallvors/hallvord.com/hale.php(44): include() #1 {main} thrown in /home/hallvors/hrdb.php on line 4